Lady Jane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lady Jane
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Aftermath
A-side

«Mother’s Little Helper»

Språk engelsk
Utgjeve 15. april 1966
Innspelt 6.–9. mars 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 3:08
Selskap Decca/ABKCO
Komponist Keith Richards, Mick Jagger
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi 
«Paint It, Black»
(1966)
Lady Jane «Have You Seen Your Mother, Baby»
(1966)


«Lady Jane» er ein song av The Rolling Stones frå albumet deira Aftermath frå 1966. Songen har ein atmosfære frå Elisabeth-tida i teksten og Brian Jonesdulcimer. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards. På studioutgåva er det ingen trommer, men då songen vart spelt på konsertar, som på konsertalbumet Got Live If You Want It! frå 1966, spelte Charlie Watts trommer.

Songen vart gjeve ut som B-sida til «Mother’s Little Helper» i Amerika. Det var ein av få singlar av the Rolling Stones i Amerika der begge songane nådde Topp 40 på Billboard Hot 100. «Mother’s Little Helper» nådde åttandeplass og «Lady Jane» 24. plass. Songen vart spelt på konsertar i 1966 og 1967, samt fjerde gongen dei spelte på the Ed Sullivan Show. Songen er ein av mange tidlege Stones-songar frå Brian Jones-tida som ikkje har vorte spelt på konsertar etter han døydde.

På albumet Tonight’s the Night av Neil Young frå 1975 har Young «lånt» melodien frå «Lady Jane» på songen «Borrowed Tune» («Lånt melodi»).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[1] 12
Canada Top Singles (RPM)[2] 91
US Billboard Hot 100[3] 24

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Lady Jane" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 26. mars 2018.
  2. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
  3. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.