Lagarfljót

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagarfljót
innsjø
Ormurinn.jpg
Land Flag of Iceland.svg Island
Område Aust på Island
Tilsig Lagarfljót
Utløp Lagarfljót
Lengd 25 km
Breidd 2,5 km
Areal 53 km²
Middeldjupn 112 m
Koordinatar 65°11′N 14°36′WKoordinatar: 65°11′N 14°36′W
Wikimedia Commons: Lagarfljót

Lagarfljót eller Lögurinn er ein innsjø aust på Island nær Egilsstaðir. Han har eit areal på 53 km², er 25 km lang og 2,5 km brei med eit djup på opp til 112 meter. Elva med same namn renn gjennom innsjøen.

Den største skogen på Island, Hallormsstaðarskógur, ligg nær innsjøen. Her finn ein òg ein flott foss kalla Hengifoss. Hengifoss er med ei høgd på 118 m ein av dei høgaste fossane i landet. Like nedanfror ligg den mindre fossen Litlanesfoss.

Som i den skotske innsjøen Loch Ness, meiner enkelte at eit sjømonster (kalla Lagarfljotsormurinn av lokale) held til i djupet på innsjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]