Hopp til innhald

Lagfiskeskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagfiskeskarv
Lagfiskeskarv
Lagfiskeskarv
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: Lagfiskeskarv P. sulcirostris
Vitskapleg namn
Phalacrocorax sulcirostris

Lagfiskeskarv (Phalacrocorax sulcirostris) er medlem av skarvfamilien. Han er vanleg i mindre elvar og innsjøar i dei fleste områda av Australia og nordlege New Zealand. Dei blir rundt seksti centimeter i kroppslengd, og er heilsvarte med blågrøne auge.

Lagfiskeskarv er ein liten skarveart som måler 60-65 cm,[1] han har svart fjørdrakt med grønskjær og skjelmønster på oversida.[2] Kjønna har lik fjørdrakt, i hekkesesongen viser dei uregelmessige, kvite fjører på hovudet og halsen, grønskjæret slår over i meir bronsefarge.[3] Det lange slanke nebbet er grått, og bein og føter svarte. Vaksne fuglar har grøn iris, juvenile brun, ungfuglar har meir brunt i fjørdrakta.[2]

Lagfiskeskarvar har utbreiing frå Malayahalvøya gjennom Indonesia, men ikkje Sumatra, vidare gjennom Ny-Guinea, inkludert D'Entrecasteaux-øyane, Salomonøyane og over heile Australia.[4] Dei lever òg på Nordøya på New Zealand.[2] Denne arten held seg alltid ved vatn,[1] helst ferskvatn, og finst i innlandet og nokre gongar i grunne kystområde.

Dietten åt lagfiskeskarvar er hovudsakleg fisk og ferskvasskreps,[2] og dei et ein høgare del av fisk enn kortnebbskarv, som et meir tifotkreps. Lagfiskeskarvar er meir sosiale enn andre skarveartar, og kan samlast i store flokkar som nokre gonger flyg i V-formasjonar.[3]

Hekkinga går føre seg ein gong i året, i det sørlege Australia om våren eller hausten, i tropiske regionar skjer det før eller etter monsunen. Reiret er ei lita plattform bygd av tørka greiner og stokkar i eit tre som står i vatn. Reiret er ofte plassert i nærleiken av andre vassfuglar, slik som andre skarvar, hegrar, ibisar eller skeistorkar. Dei legg tre til fem, typisk fire lyseblå ovale egg på 48 x 32 mm.[2] Egga er dekt med eit tynt lag av kalk, noko som gjev dei ein mattkvit utsjånad. Reiret og egga blir stadig meir farga med avføring gjennom hekkesesongen.[5]

  1. 1 2 «Little Black Cormorant». Australian Museum - Birds in Backyards. Henta 25. august 2012.
  2. 1 2 3 4 5 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (rev. utg.), Viking, 2005
  3. 1 2 Parks & Wildlife Service, Tasmania Little black cormorant, Phalacrocorax sulcirostris Arkivert 2018-12-09 ved Wayback Machine. Henta 25. august 2012
  4. ↑ Sibley, Charles Gald; Monroe, Burt Leavelle (1990). Distribution and Taxonomy of Birds of the World. Yale University Press. s. 300. ISBN 0300049692. {{cite book}}: Cite has empty unknown parameter: |1= (hjelp)CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  5. ↑ Beruldsen, Gordon (2003). Australian Birds: Their Nests and Eggs. Kenmore Hills, Qld: self. s. 191. ISBN 0-646-42798-9.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]