Lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lagmannsretten er det andre nivået i det norske domstolsystemet, og tek for seg anke over avgjerder frå den lågare rettsinnstansen, tingretten, både i straffesaker (saker som gjeld straff for lovbrot) og i sivile saker (det vil seie saker som gjeld tvistar mellom partar). Dommane i lagmannsretten kan ankast inn for Høgsterett, og orskurdar kan påkjærast til kjæremålsutvalet i Høgsterett. Avgjerder i lagmannsretten av sjølve skuldspørsmålet i straffesaker kan ikkje ankast inn for Høgsterett, og det er elles avgrensa kva som kan krevjast avgjord av Høgsterett.

Lagmannsretten har ein førstelagmann som leiar. I tillegg er det ein eller fleire lagmenn (leiarar av avdelingane i lagmannsretten) og lagdommarar.

Under førehaving og avgjerd av sakene vert lagmannsretten sett med lagmann (formannen i retten) og to lagdommarar, som alle er fagdomarar, juridiske dommarar.

I sivile saker tek som regel berre dei tre juridiske domarane del, men i visse saker skal meddommarar (ikkje-juristar) vere med, og i andre saker kan det vere med anten to eller fire meddomarar dersom partane krev det, eller retten meiner det er ynskjeleg.

For førehaving og avgjerd av vanlege straffesaker deltek fire meddommarar (ikkje-juristar), to av kvart kjønn, i tillegg til dei tre juridiske dommarane. Meddommarane kan vere sakkunnige på det området som saka gjeld.

Det gjeld særlege regler for førehavinga av anke over avgjerda i tingretten av skuldspørsmålet i straffesaker der strafferamma for lovbrotet er meir enn seks års fengsel. Då vert lagmannsretten supplert med ei lagrette av lekfolk (ikkje-juristar) – ein jury – på ti medlemmer, fem av kvart kjønn, som har som einaste oppgåve å avgjere sjølve skuldspørsmålet. For at påtalemakta kan få medhald i påstanden om at den tiltalte skal straffast, må sju eller fleire av dei ti lagrettemedlemene seie seg samd i at vedkomande er skuldig, elles skal lagmannsretten seie frikjennande dom.

Lagretta avgjer skuldspørsmålet i form av svar på eit spørsmålsskrift som er formulert på grunnlag av tiltaledokumentet frå påtalemakta. Drøftingane mellom lagrettemedlemene og avrøystinga om svara skal gjerast i løynd, og lagretten skal deretter svare på spørsmåla i open rett utan å grunngje avgjerda si. Før lagretta dreg seg attende frå rettssalen for drøfting og røysting i einerom, har lagmannen gått gjennom det spørsmålsskriftet som lagretta skal svare på, summert opp dei viktigaste prova i saka så lagt det er naudsynt, og gjort greie for korleis lova skal tolkast. Lagretta står heilt fritt i korleis dei vil vurdere dei prova som er lagt fram, og kan sjå bort frå eventuelle ymt eller ytringar frå lagmannen om kor sterke eller svake prova er. Men lagretta er bunde av det lagmannen seier om dei rettslege spørsmåla som saka reiser. Partane i straffesaka kan difor krevje å få protokollert konkrete delar av utgreiinga, for seinare å kunne nytte det protokollerte som grunnlag for ei anke til Høgsterett over den lovtolkinga som lagretten har lagt til grunn for avgjerda si.

Dersom lagretta har kome til at den tiltalte er skuldig, vert lengda på straffa avgjort av dei tre juridiske domarane saman med dei fire lekdomarane, som av praktiske årsaker vert utvalt blant lagrettemedlemene ved lutdraging. Desse meddomarane må halde seg til avgjersla frå lagretta om at vedkomande er skuldig, sjølv om nokon av dei har hatt ei anna meining under drøftinga og røystinga i lagretta.

Eit unnatak frå reglane om at skuldspørsmålet skal avgjerast av ei lagrette når lovbrotet har høg strafferamme, er gjort for dei straffesakene som vert definert som såkalla spionsaker. Sjølv i dei sakene som er alvorlege med omsyn til strafferamma for lovbrotet, vert alt, inklusive skuldspørsmålet, avgjord i lagmannsretten av fire lekdomarar saman med dei tre juridiske domarane.

I ankesaker som berre gjeld påståtte feil ved måten saksførehavinga har gått føre seg i tingretten, eller den lovtolkinga tingretten har lagt til grunn for avgjerda, vert saka avgjort i lagmannsretten utan at lekdomarar tek del. Lekdomarar deltek heller ikkje når ankesaken gjeld spørsmålet om straffutmålinga i saker med ei strafferamme som ikkje er over seks års fengsel.

Kjæremål vert avgjord i lagmannsretten av tre fagdomarar, til dømes kjæremål over avgjerder om varetektsfengsling og krav om mellombels åtgjerd, som ofte er saker det haster med å få avgjorde.

Lagmannsrettane i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er seks lagmannsrettar i Noreg: