Lago Ritom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lago Ritom
innsjø
Ritom02.jpg
Region Pioradalen i Ticino
Innsjøtype reservoar, naturleg innsjø
Høgd over havet 1850 moh moh
Areal 1 49 km² km²
Volum 48 mill, m³ m³
Koordinatar 46°32′24″N 8°41′21″EKoordinatar: 46°32′24″N 8°41′21″E
Wikimedia Commons: Lago Ritom

Lago Ritom er ein liten innsjø i Pioradalen i Ticino i Sveits. Den naturlege innsjøen vert nytta som reservoar av Den sveitsiske jernbanen (SBB-CFF-FFS) for å skape elektrisk kraft til Gotthardbahn. Den første demninga vart bygd i 1918 og i 1950 vart høgda auka med 23 m.

Ein kan nå innsjøen frå kabelbanen frå Piotta 786 m nedanfor. Denne kabelbanen har ei 1369 m og ei maksimal helling på 87,8%, den høgaste i Europa.

Innsjøen har eit areal på 1,49 km² og ligg 1850 meter over havet. Med Lago di Cadagno og Lago di Tom er han ein av dei største innsjøane i Pioradalen.

Før han vart nytta som reservoa var Lago Ritom eit meromiktisk vatn som den nærliggande Lago di Cadagno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]