Bolsenasjøen

Koordinatar: 42°36′N 11°56′E / 42.600°N 11.933°E / 42.600; 11.933
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lago di Bolsena)
Bolsenasjøen
innsjø
Bolsenasjøen sett frå Montefiascone.
Land  Italia
Område Provinsen Viterbo
Innsjøtype Kratersjø
Høgd over havet 305 moh.
Areal 113,5 km²
Middeldjupn 81 m
Største djupn 151 m
Koordinatar 42°36′N 11°56′E / 42.600°N 11.933°E / 42.600; 11.933
Øyar 2
Kart
Bolsenasjøen
42°36′00″N 11°56′00″E / 42.6°N 11.933333333333°E / 42.6; 11.933333333333
Wikimedia Commons: Lake Bolsena

Bolsenasjøen er ein kratersjø i sentralt i Italia med vulkansk opphav. Han vart danna for 370 000 år sidan då kalderaen til vulkansystemet Vulsini kollapsa.[1] Historiske kjelder frå romartida indikerer at det var vulkansk aktivitet i Vulsinivulkanen så seint som i 104 f.Kr., men sidan den gong har han vore i ro. Dei to øyaen sør i innsjøen er danna av undervassutbrot etter kalderaen kollapsa.

Innsjøen har ei oval form som er typisk for kraterjøar. Det totale arealet er 113,5 km² og ligg i ei høgd på 305 meter over havet. På det djupaste er innsjøen 151 meter, medan i snitt er 81 meter djup.

Solnedgang over Bolsenasjøen

Innsøjen ligg nord i provinsen Viterbo i eit område kalla Alto Lazio (Øvre Lazio) eller Tuscia. Innsjøen grensar til den gamle romarvegen Via Cassia. Det ligg mange turiststader langs innsjøen med mellom anna store campingområde og bondegardsturisme.

Marta er ei elv som renn ut av Bolsenasjøen og munnar ut i Tyrrenhavet.

Romarane kalla innsjøen Lacus Volsinii, etter den etruskiske byen Velzna, den siste etruskiske byen som heldt ut mot romarane, før dei vart fjerna i 264 f.Kr..

Ein tredjedel av innsjøen vart donert til kyrkja av adelsfamilien Alberici av Orvieto.

Øyar i innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Bisentina[endre | endre wikiteksten]

Isola Bisentina

Med eit areal på 17 hektar er Bisentina den største øya. Øya er ein tursistdestinasjon og det går båtar her frå Capodimonte. Øya består av tjukk steineikskog, italienske hagar, flotte utsyn over innsjøen og mange monument som St. Jakob- og St. Kristoffer-kyrkja med ein kuppel bygd av arkitekten Jacopo Barozzi da Vignola, eit fransiskanarkloster, eit lite tempel tileigna St. Katrina med eit åttekanta golvplan av Antonio Sangallo bygd på ein etruskisk colombarium og eit kapell med krusifiks med fresker frå 400-talet. I tillegg ligg fengselet Malta dei Papi, der geistlege personar vart fengsla for livstid for kjetteri.

Rundt år 1250 tok herrane av Bisenzio over øya, men dei forlet ho og brende ho ned etter usemjer med innbyggjarane på øya. I 1261 erobra Urban IV, ein gong vald til pave, øya tilbake, men ho vart øydelagd igjen i 1333 av Ludvig IV av Bayern, som vart skulda for kjetteri og bannlyst av paven. Under Farnese-familien frå 1400 og utover blømde øya og fleire pavar vitja ho. I 1635 vart ho styrt av Odoardo Farnese, hertugen av Castro, som kom ut i ein konflikt med kyrkja. Dette førte til at Castro vart fullstendig øydelagd. Dei to øyane i Bolsenasjøen gjekk tilbake til kyrkja, men vart snart avstått igjen. Prinsessa Beatrice Spada Potenziani, kona til hertug Fieschi Ravaschieri, er den noverande eigaren.

Martana[endre | endre wikiteksten]

Isola Martana

Utanfor byen Marta ligg øya Martana der leivningane av St. Kristina visstnok ein gong skal ha lege for å halde dei borte frå barbarar. Seinare, under gotarane skal den gotiske dronninga Amalasuntha ha vorte myrda her av søskenbarnet Theodahad, som ønskte å overta makta.

Øya er i dag privateigd og det er ikkje open for ålmenta.

Kommunar langs innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Følgjande kommunar ligg langs breidda av Bolsenasjøen:

Andre nærliggande byar er Sorano og Pitigliano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vulsini, arkivert frå originalen 7. februar 2005, henta 6. november 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bolsenasjøen