Lagunen Storsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagunen Storsenter
Nye Lagunen senter.jpg
Offisielt namnLagunen Storsenter
AdresseLaguneveien 1
5239 Rådal
Opna7. september 1985
Etasjar2
Butikkar135
Parkering2 000

Lagunen Storsenter
60°17′45″ N 5°19′45″ E
Lagunen Storsenter

Lagunen Storsenter som ligg i bydelen Fana i Bergen i Laguneveien 1 er det største kjøpesenteret i Noreg målt i omsetning. Kjøpesenteret blei opna 7. september 1985 og har i dag over 180 butikkar. Kjøpesenteret og Laguneparken har over 100 000 besøkande kvar veke,[1] det vil seia omtrent 6 millionar besøkande kvart år.

Der er 2 200 parkeringsplassar, der 700 plasser i parkeringshus. Laguneparken hadde i 2007 ein omsetning på 2,540 milliardar kroner. Ambisjonane til Lagunen i 2008 er å runde kr. 2,6 milliardar i omsetning. Lagunen består totalt av ca. 75 000 kvadratmeter bygningsmasse fordelt på ca 170 mål tomteareal. Utviklinga av området vert styrt gjennom selskapa Lagunen AS og Lagunen Eiendom AS. Grunnlegginga av Lagunen blei gjort av Nordås industrier A/S med arkitekt Jan Olav Reither og bygd der lokala deira tidlegare stod.[2] Selskapet er i dag ein del av Olav Thon Gruppen. Bybanen i Bergen går forbi Lagunen på strekninga frå sentrum til Bergen lufthamn, Flesland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om senteret», Lagunen Storsenter (på norsk), henta 21. oktober 2020 
  2. Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]