Hopp til innhald

Laika Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Laika Party»
Song av Emmy[1]

Land Irland, Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 20. januar 2025
Sjanger Synth-pop
Lengd 03:00
Selskap ADA Nordic
Tekstforfattar Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen
Låtskrivar(ar) Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen, Erlend Guttulsrud Kristiansen, Larissa Tormey, Truls Marius Aarra, Henrik Østlund

«Laika Party» er ein song av den norske songaren og låtskrivaren Emmy[2]. Han vart skriven av Emmy saman med fire andre låtskrivarar og produsert av Henrik Østlund og Jonas Jensen. Songen vart gjeven ut 20. januar 2025 gjennom ADA Nordic. «Laika Party» var det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2025,[3] der han ikkje kvalifiserte seg til finalen etter å ha blitt nummer 13 i den andre semifinalen med 28 poeng.[4]

Emmy skildrar songen som ei forteljing som skaper ei alternativ røynd for den sovjetiske hunden Laika, der ho overlevde i verdsrommet i staden for å døy om bord på romfartøyet Sputnik 2. Songen fekk blanda mottaking frå både irske og internasjonale medium, og fekk noko ros for komposisjonen sin, men òg kritikk for manglande særpreg samanlikna med andre Eurovision-songar.

Bakgrunn og utgjeving

[endre | endre wikiteksten]

«Laika Party» vart skriven og komponert av Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen[5], Erlend Guttulsrud Kristiansen, Larissa Tormey, Truls Marius Aarra og Henrik Østlund.[6] Temaet for songen er basert på Laika, ein sovjetisk hund som døydde i låg jordbane om bord på Sputnik 2 den 3. november 1957.[7] I eit intervju med The Irish Times fortalde Emmy at ho først lærte om Laikas historie etter å ha lese eit quizspørsmål i ei avis, og at ho skreiv songen på ein norsk låtskrivingsleir.[8]

I fleire intervju sa Emmy at ho som «dyreelskar» vart lei seg då ho lærte korleis Laika døydde, og at ho ville skape ei gladare alternativ røynd for Laika der ho aldri døydde, men i staden brukte evigheita si på festing ute i verdsrommet.[9][10] I ein analyse av Tom Hendryk frå Wiwibloggs vert det òg sagt at songen refererer til frykta for einsemd og det å bli sett i vanskelege situasjonar utan val, og at han fremjar uthald gjennom tunge tider.[11]

Musikkvideo og promo

[endre | endre wikiteksten]

Saman med songen vart ein tilhøyrande musikkvideo gjeven ut 12. mars 2025.[12] Videoen vart filma og produsert i løpet av to veker i Emmys heimland Noreg.[12] For å vidare fremje songen deltok Emmy på fleire Eurovision-prepartyar før konkurransen i mars og april 2025, mellom anna Melfest WKND 7. mars,[13] Eurovision in Concert 5. april,[14] London Eurovision Party 13. april,[15] og Pre-Party ES 19. april.[16] Den 7. mai hadde Emmy premiere på ei framføringsvideo av «Laika Party» frå Trinity College Dublin på The Late Late Show.[17]

Kritisk mottaking

[endre | endre wikiteksten]

Irske medium og personlegdomar

[endre | endre wikiteksten]

«Laika Party» fekk blanda kritikk. The Irish Times sin Laura Slattery skreiv at songen «har mange fine kvalitetar», og skildra han som ein «meir spøkefullt melankolsk bop enn ein trist banger».[18] The Irish Examiner sin Tom Dunne omtala songen som ein «martyrsong». Han kritiserte òg den irske Eurovision-delegasjonen for å ha «outsourca bidraget vårt til Noreg», og meinte at sjølv om ein irsk hund kunne vore brukt som tema, så «vinn romfartsglamouren over mytologien kvar gong».[19] TV-programleiaren Donal Skehan skreiv i Irish Independent at songen hadde «svært god produksjon», men at han ikkje var minneverdig for han. I samanlikning med det irske bidraget i 2024, Bambie Thug sin «Doomsday Blue», meinte han at Bambie «var mykje meir minneverdig, berre gjennom det sjokkerande uttrykket på skjermen».[20]

Eurovision-relaterte og internasjonale medium

[endre | endre wikiteksten]

I ein Wiwibloggs-melding med fleire kritikarar fekk songen 5,73 av 10 poeng,[21] og vart nummer 26 av dei 37 songane som deltok det året i nettstaden si årlege rangering.[22] Jon O’Brien i Vulture rangerte songen som nummer 19 av 37, og skreiv at han var ein «overraskande rørande hyllest» til Laika, men la til at han var ein «munter, nonsensaktig vise ikkje heilt ulikt skandinaviske Aqua».[23] Doron Lahav i ESC Beat rangerte songen som nummer 23 av 37, og meinte at sjølv om han var «fengande og dansevenleg», mangla han variasjon i komposisjonen.[24]

Mark Savage frå BBC skildra songen som ein «trance-pop-hymne» som «trass ein energisk framføring, er litt av ein nedtur».[25] Angelica Frey i The Guardian inkluderte songen i topp ti-lista si over dei beste Eurovision 2025-songane, og kalla han ein «herleg samansetnad av Aqua, Grimes og eit hint av Rainbow Road frå Mario Kart».[26] Jon Lewak frå Eurovision Stars skreiv at songen var «svært fengande», men la til at kvalifiseringa frå semifinale til finale i stor grad kom til å avhenge av scena og framføringa.[27]

Eurovision Song Contest 2025

[endre | endre wikiteksten]

Eurosong 2025

[endre | endre wikiteksten]

Den irske kringkastaren Raidió Teilifís Éireann (RTÉ) sende ein Eurosong 2025-spesial av The Late Late Show den 7. februar 2025 for å velje det irske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Dette var den niande utgåva av tevlinga. Vinnarsongen av dei seks deltakarane vart valt gjennom ei kombinasjon av internasjonal jury, nasjonal jury og telefonavrøysting, der kvar gruppe stod for ein tredel av den totale røysta.[28][29]

Emmy sende først inn «Laika Party» til Melodi Grand Prix 2025, den norske konkurransen for å velje det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Ho vart likevel avvist av NRK.[30][31] Ho melde seg seinare på Eurosong 2025,[32] der ho vart kunngjord som deltakar 23. januar 2025.[33] Ifølgje RTÉ fekk Emmy delta fordi ein av låtskrivarane, Larissa Tormey, var irsk.[34][35] Ho vart trekt til å opptre som nummer seks, som siste bidrag.[36]

I finalen vart Emmy og «Laika Party» nummer to hos den internasjonale juryen og fekk 10 poeng. Ho vann derimot både telefonavrøystinga og den nasjonale juryen og sikra seg to sett med 12 poeng, som gav til saman 34 poeng. Dette var åtte poeng meir enn andreplassen, Samantha Mumba med «My Way». Dermed vart «Laika Party» det irske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.[37][38][39]

Under Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2025 fann stad i St. Jakobshalle i Basel i Sveits og bestod av to semifinalar den 13. og 15. mai, og finalen den 17. mai 2025. Under trekninga 28. januar 2025 vart Irland trekt til å delta i den andre semifinalen, i første halvdel av showet.[40] Emmy vart seinare trekt til å opptre som nummer tre i semifinalen, etter Nina Žižić[41] frå Montenegro og før Tautumeitas frå Latvia.[42]

Refer to caption
Emmy framfører «Laika Party» under ein kostymeprøve før den andre semifinalen i Eurovision 2025.

Til Eurovision-framføringa vart Marvin Dietmann tilsett som sceneregissør.[43] Framføringa hadde med Emmy, broren hennar Erlend og fire andre kvinnelege dansarar: Vilde Skorstad, Karin Aaeng Stuge, Kristiane Lindvik og Christiane Bergersen.[44] Alle seks brukte sølvfarga kostyme, med Emmy i eit «foldeskjørt, sølvstøvlar og ei hjelm-liknande hette», ifølgje Doron Lahav frå ESC Beat.[45] LED-bakgrunnen viste neonlysande hundar som marsjerer, ei stjernekonstellasjon forma som Laika, og neonplanetar.[45][46]

Emmy og «Laika Party» kvalifiserte seg ikkje til finalen, etter å ha enda på 13. plass av 16 bidrag i semifinalen med 28 poeng.[47] Høgaste settet med telefonrøyster ho fekk var sju poeng frå Storbritannia.[48] Resultatet var den åttande ikkje-kvalifiseringa til Irland det siste tiåret.[49] Til Irish Independent sa ho etterpå: «Det er så mange kjensler … Eg er sjølvsagt litt lei meg om eg har skuffa Irland. Men samtidig har dei vore så hyggelege og støttande, og vi har fått så mange vakre meldingar.»[50] Ho la seinare ut på Instagram at ho var «veldig lei seg» for at ho ikkje kvalifiserte seg.[51]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2025) Høgaste
plassering
Irland (IRMA)[52]49
Litauen (AGATA)[53] 77
UK Download (Official Charts Company)[54]87
UK Singles Sales (OCC)[55] 91
  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. Kvien, Elise (2025-02-08). «Norske Emmy skal representere Irland i Eurovision Song Contest». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-02-08.
  4. Haraldsen, Stian (2025-05-15). «Norske Emmy ikke videre i Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-05-15.
  5. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  6. Schulte–Wieschen, Claire (8 February 2025). «Laika Party! Emmy wins Eurosong and will represent Ireland at Eurovision 2025». Eurovision World (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 17. mai 2025. Henta 16. mai 2025.
  7. Fox, Matt (10. mai 2025). «Eurovision: Irish entry EMMY ready for lift-off with Laika Party». BBC (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 11. mai 2025. Henta 16. mai 2025.
  8. McGreevy, Ronan (9. februar 2025). «How a chance meeting in a Norwegian songwriting camp inspired Ireland's Eurovision entry». The Irish Times (på engelsk). Henta 17. mai 2025.{{cite news}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  9. Lee, Samuel (4. april 2025). «Eurovision 2025 Ireland profile: Laika Party by Emmy». Aussievision (på engelsk). Henta 17. mai 2025.
  10. Farren, Neil (9. mars 2025). «🇮🇪 An Interview With Emmy - 'I Hope People Will Join the Laika Party'». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 9. mars 2025. Henta 17. mai 2025.
  11. Hendryk, Tom (3. mai 2025). «"If she didn't fly, nor would you and I" — EMMY paints a hopeful picture in the "Laika Party" lyrics». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 17. mai 2025.
  12. 1 2 Farren, Neil (12. mars 2025). «🇮🇪 Ireland: "Laika Party" Music Video Released». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 2. april 2025. Henta 16. mai 2025.
  13. Vecic, Tamara (2. mars 2025). «🇮🇪 Ireland: Emmy to Perform at Melfest WKND». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 7. april 2025. Henta 2025-05-18.
  14. Granger, Anthony (5. april 2025). «Tonight: 🇳🇱 Eurovision In Concert 2025». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Henta 18. mai 2025.
  15. Granger, Anthony (13. april 2025). «Today: 🇬🇧 London Eurovision Party 2025 & Your Voix 2025 Semi-Final One Finalists Announced». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 17. april 2025. Henta 18. mai 2025.
  16. Farren, Neil (8. april 2025). «🇪🇸 PrePartyES 2025 Presenters Revealed». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 27. april 2025. Henta 18. mai 2025.
  17. «Watch! EMMY brings Laika Party to Trinity College Dublin». RTÉ. 7. mai 2025. Arkivert frå originalen den 9. mai 2025. Henta 17. mai 2025.
  18. Slattery, Laura (15. mai 2025). «Eurovision 2025 second semi-final live updates: Ireland's Emmy is knocked out before grand final». The Irish Times (på engelsk). Henta 16. mai 2025.
  19. Dunne, Tom (12. februar 2025). «Tom Dunne: I'm really not sure about outsourcing our Eurovision entry to Norway». Irish Examiner (på engelsk). Henta 16. mai 2025.
  20. Knox, Kirsty Blake (13. mai 2025). «Eurovision 2025: 'Bambie Thug was more memorable,' says Eurosong judge Donal Skehan». Irish Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen den 15. mai 2025. Henta 16. mai 2025.
  21. «Wiwi Jury: Ireland's Emmy with "Laika Party"». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). 20. april 2025. Henta 16. mai 2025.
  22. Vautrey, Jonathan (13. april 2025). «Eurovision 2025: Reviews and rankings by the Wiwi Jury». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 14. mai 2025.{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  23. O'Brien, Jon (2025-05-13) [2025-05-13]. «Every 2025 Eurovision Entry, Ranked». Vulture (på engelsk). Vulture. Arkivert frå originalen den 2025-05-14. Henta 2025-09-01.
  24. Lahav, Doron (12. april 2025). «Eurovision 2025 Song Reviews – Part 4 (Ireland, Latvia, Lithuania, Luxembourg, Montenegro, Serbia)». ESC Beat (på engelsk (USA)). Henta 17. mai 2025.
  25. Savage, Mark (10. mai 2025). «Magic spells, innuendo and riddles: Your guide to all 37 Eurovision songs». BBC (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 16. mai 2025. Henta 17. mai 2025.
  26. Frey, Angelica (13. mai 2025). «Sauna fiends, space dogs and Jesus Christ Superstar: it's the 10 best Eurovision songs of 2025!». The Guardian (på engelsk (Storbritannia)). ISSN 0261-3077. Henta 17. mai 2025.
  27. Lewak, Jon (9. april 2025). «Eurovision 2025 Song Reviews: English-Language Nations». Eurovision Stars (på engelsk (USA)). Arkivert frå originalen den 14. mai 2025. Henta 17. mai 2025.
  28. Ntinos, Fotios (31. desember 2024). «Ireland: Eurosong 2025 will take place on February 7th!». Eurovision Fun. Arkivert frå originalen den 14. februar 2025. Henta 20. januar 2025.
  29. Farren, Neil (2025-02-07). «Tonight: 🇮🇪 Ireland Selects for Eurovision 2025». Eurovoix. Arkivert frå originalen den 14. februar 2025. Henta 2025-02-07.
  30. Knox, Kirsty Blake; McTaggart, Maeve (18. februar 2025). «Eurosong winner has not breached competition rules for Eurovision entry, says RTÉ». Irish Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen den 22. februar 2025. Henta 18. mai 2025.
  31. Hendryk, Tom (10. mars 2025). «EMMY: 10 Facts about Ireland's Eurovision Singer». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.
  32. Omerović, Sana (12. mai 2025). «Everything to know about the Nordic acts at Eurovision 2025». Vogue Scandinavia (på engelsk). Henta 18. mai 2025.
  33. Adams, William Lee (23 January 2025). «Norwegian singer EMMY will compete in Ireland's Eurosong 2025 with "Laika Party"». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.
  34. Adams, William Lee (23. januar 2025). «Norwegian singer EMMY will compete in Ireland's Eurosong 2025 with "Laika Party"». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.
  35. Power, Ed (10. mai 2025). «'RTÉ said we don't have any problem with Emmy. We have an Irish writer on the team': Ireland's Eurovision singer from Norway». The Irish Times (på engelsk). Henta 18. mai 2025.
  36. Conte, Davide (6. februar 2025). «🇮🇪 Ireland: Eurosong 2025 Running Order Revealed». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 14. februar 2025. Henta 18. mai 2025.
  37. Veen, Renske ten (7. februar 2025). «EMMY will represent Ireland at Eurovision 2025 with "Laika Party"». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.
  38. Broin, Cian Ó (7. februar 2025). «Norwegian singer Emmy to represent Ireland at the 69th Eurovision Song Contest following Late Late Eurosong victory». Irish Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen den 18. februar 2025. Henta 18. mai 2025.
  39. Khaluf, Dana (2025-02-08). «Overrasket vinner: – Jeg er helt i sjokk». NRK (på norsk bokmål). Henta 2025-02-08.
  40. «Eurovision 2025: Semi-Final Draw Results». Eurovision.tv (Press release). European Broadcasting Union. 2025-01-28. Arkivert frå originalen den 2025-01-28. Henta 2025-01-29.
  41. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  42. Adams, William Lee (27. mars 2025). «Eurovision 2025: Semi-Final running order revealed...with Cyprus and Finland closing their shows». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 17. mai 2025.
  43. Granger, Anthony (21. mars 2025). «🇮🇪 Ireland: Marvin Dietmann Creative Director for Emmy's Eurovision Performance». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Arkivert frå originalen den 22. mars 2025. Henta 17. mai 2025.
  44. O'Rourke, Evelyn (15. mai 2025). «Emmy takes to the stage for Ireland at Eurovision in second semi-final». RTÉ. Arkivert frå originalen den 16. mai 2025. Henta 17. mai 2025.
  45. 1 2 Lahav, Doron (5. mai 2025). «Eurovision 2025 Rehearsals Day 3». ESC Beat (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.
  46. Farren, Neil (6. mai 2025). «🇨🇭 Live from Basel: First Look at Day 3 of Eurovision 2025 Rehearsals». Eurovoix (på engelsk (Storbritannia)). Henta 17 May 2025.
  47. Adams, William Lee (18. mai 2025). «Eurovision 2025 Semi-Final results: Ukraine and Israel won their shows». Wiwibloggs (på engelsk (USA)). Henta 18. mai 2025.{{cite web}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  48. «Second Semi-Final of Basel 2025 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Arkivert frå originalen den 2025-01-28. Henta 2025-05-21.
  49. McTaggart, Maeve (16. mai 2025). «What next for Ireland after failing to reach Eurovision final for eighth time in 10 years?». Irish Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen den 17. mai 2025. Henta 18. mai 2025.
  50. Knox, Kirsty Blake (16. mai 2025). «'There are so many emotions' – Eurovision's Emmy fails to make it through to final, but Ireland will still be represented». Irish Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen den 16. mai 2025. Henta 16. mai 2025.
  51. Slater, Sarah (15. mai 2025). «Eurovision 2025: 'So sorry, Ireland' says Emmy as Laika Party fails to ignite voters». The Irish Times (på engelsk). Arkivert frå originalen den 15. mai 2025. Henta 16. mai 2025.
  52. "Irish-charts.com – Discography {{{artist}}}". Irish Singles Chart. Henta 14. februar 2025.
  53. «2025 21-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 23. mai 2025. Arkivert frå originalen den 23. mai 2025. Henta 23. mai 2025.
  54. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.
  55. «Official Singles Sales Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 24. mai 2025.