Lair Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°36′54″S 61°2′7″W
Lair Point
nes
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°36′54″S 61°2′7″W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Lair Point is located in Antarktis
Lair Point (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Lair Point er eit nes som stikk 570 m ut i Barclay Bay frå Robbery BeachesByers PeninsulaLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis og på austsida av innløpet til Kukuzel Cove. Det er dominert av Lair Hill (96 m).

Neset fekk namn frå ei stor grotte på neset som vart nytta av selfangarar tidleg på 1800-talet. Det vart funne spor av selfangarane av Falkland Islands Dependencies Survey i 1957-58. Lair er eit engelsk ord for hole eller hi.

Neset ligg 1,16 km aust-søraust for Villard Point og 2,94 km vest for Nedelya Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]