Laja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 9 530 km²
Lengd 332 km
Kjelde Lajato
Munning Petsjora
Kart
Laja
67°32′31″N 56°06′58″E / 67.541944444444°N 56.116111111111°E / 67.541944444444; 56.116111111111

Laja er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi og ei av sideelvane til Petsjora frå høgre.

Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på 9 530 km². Elva frys til i oktober og vert isfri att i slutten av mai.

Dei største sideelvane hennar er Kerjurvis, Lajavozj, Sertsjeju og Jurjakha.

Laja spring ut frå innsjøen Lajato i Nenetsia. Frå her renn ho sørover over Bolsjezemelskaja Tundra. Elva er særs svingete. Laja munnar ut i Petsjora nedanfor Ust-Usa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]