Lajat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lajat
region
Land  Syria
Kart
Lajat
32°58′10″N 36°27′19″E / 32.9695°N 36.455383°E / 32.9695; 36.455383

Al-Lajat (arabisk اللجاة) er ein region sør i Syria og aust for Jordanelva, på eit steinplatå som er kring 50 km lang og 30 km breitt, 10 meter over høgsletta Bashan. Regionen har hatt mange forskjellige namn. Historisk vart han kalla Argob (hebraisk ארגוב Argov / arabisk أرجوب), og i Bibelen vert han kalla Trakonitis. I tillegg vert namnet i dag skrive på forskjellige måtar, som Lajat, Lejat, Lajah og El-Leja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Iturea, Trakonitis, Batanea, Gaulanitis og Auranitis i det første hundreåret evt.

Området er særs kupert og seksti byar med bymurar låg i regionen, som vart styrt av Og. I Nytestamentet vert det kalla Trakonitis («det kuperte området») (Lukas 3:1). Desse byane vart erobra av isralittane (5 Mos 3:4; 1 Kong 4:13). Lajat i Bashan var ein av kommissariatdistrikta til Salomon(1 Kong 4:13).

Regionen var ein gong ein del av tetrarkiet til Herodes Filippo. I Nytestamentet finst namnet berre i setninga «Pontius Pilatus var landshovding i Judea, Herodes var landsfyrste i Galilea, Filip, bror hans, i Iturea og Trakonitis» (Luk 3:1).

El-Leja fekk status som biosfærereservat av UNESCO i 2009.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Trakonitis er eit landområde med ein trakon, «ei kupert, berglendt trakt.» Det finst to vulkandistrikt sør og aust for Damaskus som grekarane gav dette namnet til. Det som ligg nordvest for Bashanfjellet (Jebel ed-Druze) vert i dag kalla el-Leja', «asylet». Det ligg midt eit frodig og beitemarkområde og, sjølv om det aldri har hatt mange innbyggjarar, har det truleg alltid vore busett.

Det andre ligg nordaust for fjellet og vert på arabisk kalla es-Safa. Denne regionen er mykje større og er eit aude ugjestmildt ørkenområde. Området var godt kjent i antikken, men det var ingenting her som fekk folk til å busetje seg her og spelte derfor ingen del i historia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]