Lake County i Minnesota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinghuset i Lake County

Lake county er eit fylke nordaust i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Det totale arealet til fylket er 7746 km², 2280 km² er dekt av vatn. I kring 10 900 menneske bur i fylket. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Two Harbors.

Fylket, som ligg på nordvestbreidda av Øvresjøen og i nord grensar til Ontario-provinsen i Canada, vart grunnlagt i 1856. Ved folketeljinga 2000 vart 22,3 % av ibuarane registrert som norskætta, 17,8 % tyskætta, 14,3 % svenskætta, 8,4 % finskætta, 6,3 % irskætta 5,4 % engelskætta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]