Lake District nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake District nasjonalpark
Lake District National Park
verneområde
Keswick Panorama - Oct 2009.jpg
Skiddaw-massivet, byen Keswick og Derwentwater sett frå Walla Crag
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Region Nordvest-England
Fylke Cumbria
Areal 2 362 km²
Map
Lake District nasjonalpark
54°27′ N 3°6′ W
Lake District National Park UK location map.svg
Wikimedia Commons: Lake District
Lake District nasjonalpark
LandEngland
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs Unknown sesjon i 2017.
Referansenr. 422.
Kriterium:CULTURAL: II, V, VI
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffLake District nasjonalpark ved unesco.org
Lake District nasjonalpark (nummer 2) på eit kart over nasjonalparkar i England og Wales.

Lake District nasjonalpark er ein nasjonalpark i Cumbria i Nordvest-England[1] som omfattar dei sentrale delane av Lake District-regionen, men ikkje byen Kendal, nokre kystområde og Lakeland-halvøyene. Landskapet her er blitt forma av isbrear og deretter av menneskelege aktivitetar som jordbruk, busetjing og gruvedrift gjennom fleire tusenår. Det er prega av fjell, dalar og vatn, steingardar og beiting av den lokale sauerasen herdwicksau.[2]

Området blei utropt til nasjonalpark den 9. mai 1951, mindre enn ein månad etter opprettinga av den fyrste nasjonalparken i Storbritannia, Peak District. Han blei reelt skipa 13. august same året.[3] Parken hadde den same utstrekkinga fram til 2016, då han blei utvida med 3 % i retning Yorkshire Dales nasjonalpark for å omfatta område med høg landskapsverdi som Lunedalen.[4]

Lake District er den britiske nasjonalparken med flest besøkande i året, med 16,4 millionar vitjande rapportert i 2012.[5] Han er den største av dei tretten nasjonalparkane i England og Wales, og den nest største i Storbritannia etter Cairngorms nasjonalpark i Skottland.[6] Føremålet til parken er å verna landskapet mot uønskt endring frå industri eller handel. Det meste av landjorda i parken er i privat eige, rundt 55 % er registrert som jordbruksland. Landeigarar er mellom anna:

  • Einskilde bønder og andre private eigarar. Over halvparten av jordbrukslandet blir drive av eigarane.[7]
  • National Trust eig rundt 25 % av heile arealet (medrekna fleire sjøar og land av stor landskapsverdi).
  • Forestry Commission og andre større skogeigarar.[8]
  • United Utilities (eig 8 %)
  • Lake District National Park Authority (eig 3,9 %)

Lake District National Park Authority som administrerer parken har hovudkontor i Kendal. Han driv eit besøkssenter ved Windermere i eit tidlegare herskapshus kalla Brockhole,[9] Coniston Boating Centre,[10] og fleire informasjonssenter.

Det blei gjort eit mislukka forsøk på å få parken registrert som naturarv, men dette feila på grunn av preget av menneskeleg aktivitet. I 2017 fekk området status som verdsarv innan kategorien kulturlandskap i staden.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Plan your visit», Lake District National Park (på engelsk), 30. mai 2019, henta 9. juni 2021 
  2. Centre, UNESCO World Heritage, «The English Lake District», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 9. juni 2021 
  3. «History of the National Park», Lake District National Park (på engelsk), 3. april 2006, henta 9. juni 2021 
  4. «Yorkshire Dales and Lake District national parks extend». 1. august 2016. Henta 14. mars 2017 – via www.bbc.co.uk. 
  5. «National Park facts and figures». nationalparks.gov.uk. Arkivert frå originalen 27. juni 2012. Henta 8. mai 2018. 
  6. «Lake District National Park – Home page». Lakedistrict.gov.uk. 6. april 2005. Henta 21. april 2010. 
  7. «The state of farming and land management in the Lake District» (PDF). lakedistrict.gov.uk. Arkivert frå originalen (PDF) 2016-03-05. Henta 2. desember 2017. 
  8. «Forestry Commission Cumbria» (PDF). forestry.gov.uk. Arkivert frå originalen (PDF) 2016-03-04. Henta 9. juni 2021. 
  9. «Brockhole». Henta 22. juni 2012. 
  10. «Coniston Boating Centre». Lake District National Park. 
  11. «English Lake District welcomed into UK UNESCO family as 31st UK World Heritage Site». unesco.org.uk. 9. juli 2017. Arkivert frå originalen 7. august 2018. Henta 2. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]