Lake Louise i Alberta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lake Louise
innsjø
Land  Canada
Provins Alberta
Kart
Lake Louise i Alberta
51°24′42″N 116°13′41″W / 51.41167°N 116.22806°W / 51.41167; -116.22806
Wikimedia Commons: Lake Louise

Lake Louise er namnet på ein innsjø og ein tettstad i Banff nasjonalpark i den canadiske provinsen Alberta.

Den særmerkte smaragdgrøne fargen til innsjøen kjem av finmalne steinpartiklar som vert frakta med smeltevatnet frå isbreane som omgjev sjøen. Området er særs populært for fritidsaktivitetar som vandring, fjellklatring og alpin skiidrett. Innsjøen ligg på 1536 moh.

Lake Louise er oppkalla etter prinsesse Louise Caroline Alberta (1848–1939), den fjerde dottera til dronning Victorias. Ho var gift med John Campbell, generalguvernør i Canada frå 1878 til 1883. Provinsen Alberta er òg kalla opp etter prinsesse Louise.

Tettstaden Lake Louise ligg ved Trans-Canada Highway, 180 kilometer vest for Calgary. Frå Lake Louise er det utsikt mot mange snødekte fjelltoppar, som Mount Temple (3543 m), Mount Whyte (2983 m) og Mount Niblock (2976 m).

Austbreidda av innsjøen er dominert av Chateau Lake Louise, eit luksuriøst feriehotell som vart bygd tidleg på 1900-talet av Canadian Pacific Railway.

Bilde frå Lake Louise[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]