Lake Pukaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake Pukaki
Lake Pukaki - Lake Pukaki september 2005
Lake Pukaki september 2005
Lake Pukaki - Plasseringa til Lake Pukaki
Plasseringa til Lake Pukaki
Stad Mackenzie District, Canterbury
Koordinatar 44°07′S 170°10′EKoordinatar: 44°07′S 170°10′E
Type innsjø Morenesjø, fjordsjø
Tilsig Tasman River
Utsig Pukaki River
Tilsigsområde 1 413 km² [1]
Tilknytte land New Zealand New Zealand
Overflateareal 178,7 km² [1]
Middeldjupne 47 m [1]
Største djupne 70 m [1]
Vassvolum 4.66 km³ [1]
Høgd over havet 518,2 til 532 m [2]
Øyar Five Pound Note Island (no neddemd)
Busetnadar Mount Cook Village

Lake Pukaki er den største av tre tilnærma parallelle alpine innsjøar som ligg i nord-sør-retning langs den nordlege grensa til Mackenzie BasinSørøyaNew Zealand. Dei andre er Lake Tekapo og Lake Ohau. Alle tre innsjøane vart danna ved at endemorenene til isbreane som drog seg attende og stengde av dalane dei låg i og danna morenesjøar.

Tilførsla av brevatn til innsjøane gir dei ein distinkt blå farge, som kjem frå ekstremt finmalne steinkorn i breane. Lake Pukaki har eit areal på 178,7 km², og overflata ligg normalt mellom 518,2 og 532 m.o.h.[2].

Lake Pukaki (i midten nede) og nabosjøane er skilde frå West Coast av Søralpane.

Innsjøen får tilførsle frå den forgreina Tasman River, som har kjeldene sine i breane Tasman og Hooker Glacier, nær Aoraki/Mount Cook. Frå den sørlege breidda til sjøen, kan ein ha god utsikt til fjellet, som ligg 70 kilometer mot nord.

Lake Pukaki står no for ein del av den hydroelektriske produksjonen på New Zealand (Waitaki hydroelectric scheme). Det opphavlege utløpet til innsjøen låg sørenden, ut til Pukaki River. Utløpet er vorte demt opp, og kanalar leier vatn frå Lake Pukaki og Lake Ohau gjennom kraftstasjonen Ohau A til Lake Ruataniwha. Pukaki får også tilførsle av vatn frå Lake Tekapo, som vert leia gjennom ein kanal til ein kraftstasjon på den austre breidda til Pukaki (Tekapo B station). Vassoverflata i innsjøen har vore heva to gonger for å auka lagringskapasiteten (9 m i 1940-åra, 37 m i 1970-åra), slik at Five Pound Note Island, som det ein gong var bilete av på den newzealandske fempundsetelen, no er neddemd. Den noverande sjøen har eit operasjonsområde på 13,8 m (høgdeområdet som sjøen kan regulerast innanfor), dette gir ein lagringskapasitet for energi tilsvarande 1 595 GWh. Saman med lagringskapasiteten til Lake Tekapo på 770 GWh, står dette for over halvparten av den hydroelektriske lagringskapasiteten på New Zealand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Irwin, J. (September 1978). «Bottom sediments of Lake Tekapo compared with adjacent Lakes Pukaki and Ohau, South Island, New Zealand» (PDF). N.Z. Journal of Marine and Freshwater Research 12 (3): s. 245–250 
  2. 2,0 2,1 «Pukaki Lake Levels». Meridian Energy Limited. http://www.meridianenergy.co.nz/AboutUs/LakeLevels/Pukaki/. Henta 28-01-2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]