Rotoroasjøen i Tasman

Koordinatar: 41°52′S 172°38′E / 41.867°S 172.633°E / -41.867; 172.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lake Rotoroa i Tasman)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lake Rotoroa.
Rotoroa
innsjø
Land  New Zealand
Område Tasman
Tilsig D'Urville, Sabine
Utløp Gowanelva
Koordinatar 41°52′S 172°38′E / 41.867°S 172.633°E / -41.867; 172.633
Byar Rotoroa
Kart
Rotoroasjøen
41°52′00″S 172°38′00″E / 41.86666667°S 172.63333333°E / -41.86666667; 172.63333333
Wikimedia Commons: Lake Rotoroa (Tasman)

Rotoroasjøen (Lake Rotoroa) er ein innsjø som ligg innanfor grensene til nasjonalparken Nelson Lakes National ParkSørøyaNew Zealand. Innsjøen får tilførsle frå elvene D'Urville og Sabine.

Den største djupna er 145 meter, og sjøen er fullstendig omvaksen av sørbøkeskog. Rotoroa er ein liten busetnad ved sjøen. Gowanelva renn ut or sjøen her, slik at sjøen er ei av kjeldene til Buller-vassdraget.

Ein gangsti følgjer den nordaustlege breidda til sjøen, og ei taxiferje går langsetter sjøen og fraktar fotturistar til og frå turstiane ved sjøen.[1]

Det er sett ut aure i sjøen, dette gjer han populær for sportsfiskarar. Det ligg ei hytte for flugefiskarar, Lake Rotoroa Lodge, ved sjøen[2]

Namnet rotoroa er maori for 'lang sjø'.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lake Rotoroa walking tracks, Department of Conservation, New Zealand
  2. Lake Rotoroa Lodge.