Laksestørje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laksestørje

Laksestørje (Lampris guttatus) er ein djuphavsfisk. Fisken har ei gjennomsnittleg lengd på 1 m og ein masse på 4 kg, og nokre kan koma opp i ei lengd på 2 m. Dei held til på ei djupn på 50 til 200 m og finst i dei fleste hav med temperatur på over 10 °C[1].

Endoterm[endre | endre wikiteksten]

Forskarar har nettopp oppdaga at denne fisken er endoterm, dvs. at han har høgare kroppstemperatur enn vatnet der han lever [1]. Nokre fiskar, som til dømes tunfisk, kan auka temperaturen mellombels medan dei jaktar, men laksestørja har høgare temperatur i heile kroppen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 de Pracontal, M., Samedi-sciences (172) : l’opah, premier poisson « à sang chaud », Mediapart, 16/5-2015
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.