Hopp til innhald

Lakshola kraftverk

Koordinatar: 67°26′53.45″N 15°45′1.62″E / 67.4481806°N 15.7504500°E / 67.4481806; 15.7504500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lakshola kraftverk er eit vasskraftverk ved Nordfjord i Sørfold kommune i Nordland. Kraftverket nyttar eit fall mellom reguleringsmagasinet Faulvatnet og Nordfjordelva. Faulvatnet er regulert mellom 318 og 314 moh.

Til Faulvatnet vert vatn overført frå Moskusvatnan og Steinfjellvatnan.

Det er installert effekt på 35 MW og middels årsproduksjon er på 110 GWh.

Kraftverket er eigd av Elkem og verket heimfell til staten i 2056. Produksjonen starta i 1999.

Verket har forsynt Elkem sin smelteverkproduksjon, Elkem Salten, i Straumen med straum.

67°26′53.45″N 15°45′1.62″E / 67.4481806°N 15.7504500°E / 67.4481806; 15.7504500