Lalla Carlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lalla Carlsen

Fødd17. august 1889
FødestadSvelvik kommune
Død23. mars 1967 (77 år)
DødsstadOslo
FødenamnHaralda Petrea Christensen
Aktive år1914–1967
Verka somskodespelar, songar
EktefelleCarsten Carlsen
PrisarKongens fortenestmedalje

Lalla Carlsen (17. august 188923. mars 1967) var ein norsk skodespelar. Ho heitte eigenleg Haralda Petrea Christensen, men vart kalla Lalla frå ho var lita.[1] I 1917 vart ho gift med kapellmeister Carsten Carlsen og kjent under scenenamnet Lalla Carlsen. Ho scenedebuterte i 1914 og utvikla seg frå songar til skodespelar, med ein brei karriere innan revy, film og folkeleg komedie.

Carlsen var ved Chat Noir trå 1915 til 1947, ved Casino 1927–1928 og Carl Johan Teateret 1940–1943. Etter 1947 arbeidde ho som frilans skodespelar, både i film, ved revyscener og for Riksteateret.

Carlsen mottok Kongens Fortjenstmedalje i gull (1949) og Statens kunstnerlønn (1958). Gata Lallakroken (både i Oslo og Svelvik) er oppkalla etter ho, det same er Lalla Carlsens gate i Stavanger.

Programleiaren Vibeke Sæther er barnebarn av Lalla Carlsen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lalla Carlsen