Lamberts cosinuslov
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lamberts cosinuslov eller Lamberts lov for lysemisjon seier at når det sendast ut lys frå ei flate, er lysstyrken frå eit lite flateelement i ei bestemd retning lik lysstyrken vinkelrett ut frå flateelementet gonger cosinus til vinkelen mellom flatenormalen og den retninga ein ser på.
Lova uttrykkjer at lysstyrken av eit flateelement i ei bestemd retning er proporsjonal med den tilsynelatande storleiken av flateelementet når det vert sett frå denne retninga. Ikkje alle lekamar strålar overeins med Lamberts lov.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lamberts lov – fysikk – 1. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Lamberts_lov/fysikk_%E2%80%93_1