Lambro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lambro
elv
Lambro i Monzaparken
Land  Italia
Nedslagsfelt 1 950 km²
Renn gjennom Monza, Milano
Lengd 130 km
Middelvassføring 5,8 /s
Kjelde Alpane
 - høgd 1 685 moh.
Munning Po
Kart
Lambro
45°08′08″N 9°32′46″E / 45.135516666667°N 9.5459861111111°E / 45.135516666667; 9.5459861111111
Wikimedia Commons: Lambro

Lambro (vestlombardisk Lamber eller Lambar) er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Po. På latin tyder namnet «klår», men i dag er ho ei av dei mest forureina elvane i Europa.

Lambroparken i Milano.

Lambro har sitt utspring ved Monte San Primo (1 685 moh) nær Ghisallo i provinsen Como, ikkje langt frå Comosjøen. Etter Magreglio renn ho gjennom Vallassina og kommunane Asso, Ponte Lambro og Erba. Her renn ho ut i Pusianosjøen som Lambrone. Seinare renn ho gjennom Brianza og Monza der ho renn gjennom dei kjende parkane (der kong Umberto I vart myrda av Gaetano Bresci) i to greiner før ho renn vidare gjennom austlege delar av Milano. Ved Melegnano mottar ho Vettabbia og ved Sant'Angelo Lodigiano mottar ho Lambro meridionale (eller «Sørlege Lambro»), som nesten doblar vassføringa hennar. Lambro munnar ut i Po nær Orio Litta.

Med ei vassføring på 5,8 m³/s er Lambro relativt lita, men stundom kan vassføringa mangedoblast til 40 m³/s eller meir, noko som kan skape alvorlege flaumar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]