Lamido

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store moskeen til lamidoen i byen Ngaoundéré i regionen Adamaoua i Kamerun.

Lamido er ein tradisjonell tittel for ein konge, hovding, sultan eller emir i det nordlege Kamerun og det nordlege Nigeria. Ordet kjem av fulfulde laamiiɗo, fleirtal laamiiɓe, og er eit perfektivt partisipp i O-klassen (personar i eintal) og ƁE-klassen (personar i fleirtal) av verbet laamoo 'styre, regjere'. Tidlegare hadde dei både politisk, juridisk og religiøs makt. I kolonitida styrde dei europeiske kolonimaktene indirekte gjennom lamidoane og deira administrasjon. Etter at Kamerun og Nigeria blei sjølvstendige statar, har den politiske makta deira blitt stadig mindre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!