Lamina Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 70°32′S 68°45′W
Lamina Peak
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Aleksanderøya
 - høgd 1 280 moh.
 - koordinatar 70°32′S 68°45′W
Administrert under Antarktistraktaten

Lamina Peak
70°31′60″ S 68°45′0″ W
Lamina Peak is located in Antarktis
Lamina Peak (Antarktis)

Lamina Peak er eit markant pyramideforma fjell, 1280 moh, som ragar over ein lagdelt rygg som svingar ned frå frå Mount Edred nordaustover mot George VI Sound. Fjellet ligg 4,5 nautiske mil (8 km) innover frå austkysten av Aleksanderøya nær sørenden av Douglas Range. Det vart først fotografert frå lufta den 23. november 1935, av Lincoln Ellsworth og kartlagd frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Det vart grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) og kartlagd på ny i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Det fekk dette namnet frå FIDS på grunn av ei markant horisontal lagdeling av bergartane på dette fjellet. Lamina tyder flak eller tynn plate.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lamina Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).