Johan Fredrik Lampe
Utsjånad
(Omdirigert frå Lampe, Johan Fredrik)
| Johan Fredrik Lampe | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1811 |
| Død |
1888 (77 år) |
| Yrke | luthersk prest |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Johan Fredrik Lampe (1811–1888) var ein norsk prest med teologisk eksamen frå 1834. I 1849 vart han sokneprest i Kolvereid, og var frå 1853 prost i Namdal. Han vart sokneprest i Tysnes i 1856, og frå 1869 var han prest i Bamble. Han er kjend for verket Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Biografiske Efterretninger., utgjeve posthumt av presten Daniel Thrap (Cammermeyers Boghandel 1895). I følgje Statsarkivet i Bergen, som har tilrettelagt den scanna versjonen, er det feil og manglar i verket.[1]
Lampe var ordførar i Skjerstad kommune frå 1838 til 1842.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statsarkivet i Bergen/Digitalarkivet om Lampe lest på nett 10.mars 2013.
- Scanna utgåve hos Statsarkivet i Bergen, inneheld også handskrivne rettingar.