Landøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Landøya er ei slags halvøy og bustadområde i Asker kommune i nærleiken av Holmen. Halvøya grensar til Holmenfjorden og til sundet mellom fastlandet og Nesøya, der ein finn Hestesund og Nesbukta, og vert administrativt rekna til Nesbru. Over Landøya går Landøyveien frå kryss med vegen Fekjan langs Neselva og fram til Hestesund, der det er ei brygge, og før i tida var ferjeoverfart til øyane utanføre.

Landøya har inga typisk form til halvøy å vere, for strekninga som knyter ho til fastlandet, det låge eidet som strekkjer seg frå Nesbukta i sundet mellom Nesøya og fastlandet og fram til Holmenbukta i Holmenfjorden, er særs langt i høve til forma og storleiken på arealet på halvøya. Namnet Landøya syner nok difor ikkje berre til at dette er ei halvøy, men har truleg mykje å gjere med at halvøya har likskap med ei øy som hever seg opp over både dette låge eidet og sjøen ikring, og på den måten står fram som ei «landøy».

I bakkane ned mot Holmenbukta og Holmenfjorden ligg det mange eldre hus i sveitserstil på tomter med strandline, brygger og såkalla badehus, små hus som i gamal tid var viktige for å kunne kle seg om i klede som søma seg for bading i fjorden. I Nesbukta ligg det eit lystbåtverft, og sjølve bukta er full av flytebrygger og fortøyningsplassar for lystbåtar.

Forfattaren Kristofer Uppdal budde på Landøya nokre år før sjukdomen tok makta over han. Den norske skeisedronninga Sonja Henie hadde eit stort bustadhus på Landøya, der ho budde når ho var i Noreg. (Vegen som huset ligg attmed, har no fått namnet Sonja Henies vei.) Den kjende motstandsmannen frå siste verdskrigen, Max Manus, budde òg på Landøya etter krigen og fram til han døydde i 1996.

I 1972 vart det bygd ein ungdomsskule på eit større areal på Øvre Nes i skråninga ned mot eidet som skil Landøya frå Nes-området, og denne skulen fekk namnet Landøya ungdomsskole, sjølv om han eigenleg ikkje ligg på Landøya.