Land- og havgule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Landgule og havgule er eit namn nytta langs vestkysten av Noreg for frålandsvind (landgule) eller pålandsvind (havgule). Begge omgrepa er nytta om vind av moderat styrke, gjerne land- og sjøbris, som kjem av store daglege temperaturvariasjonar over land, helst om sommaren.

Havgula er gjerne kjølig og fuktig, sidan han bles frå sjøen, og ofte fører han tåke med seg inn mot kysten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]