Land i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
██ Delteke minst éin gong ██ Aldri delteke, men har høve ██ Skulle delteke, men trekte seg ██ Deltok som ein del av eit anna land

Land i Junior Eurovision Song Contest gjev oversyn over land som har delteke i Junior Eurovision Song Contest. Sidan tevlinga starta i 2003 har 37 land vore med i Junior Eurovision Song Contest (tal frå 2015). Av desse har ti vunne tevlinga. Junior Eurovision Song Contest, som er organisert av Den europeiske kringkastingsunionen, vert arrangert årleg.

Tevlinga er open for alle aktive kringkastingsmedlemmar i Den europeiske kringkastingsunionen. For å vere aktivt medlem må kringkastaren vere i Det europeiske kringkastingsområde eller i eit av medlemslanda til Europarådet. Kven som kan delteke er ikkje bestemt av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje ein direkte samband med Den europeiske unionen. Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel som ligg i Midtausten og Kypros og Armenia som ligg i Vest-Asia. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av territoriet sitt i Europa, delteke: Russland, Georgia og Aserbajdsjan. I 2015 deltok Australia i Oseania i tevlinga, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde, ikkje er medlem av Europarådet og ikkje er aktivt medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Kringkastar Land Deltakarår Arrangerte JESC Språk
Ellinikí Radiofonía Tileórasi Hellas 2003–2008 Gresk
Hrvatska radiotelevizija Kroatia 2003–2006, 2014 Kroatisk
Radiofonikó Ídrima Kýprou Kypros 2003–2009, 2014, 2016-2017 2008 Gresk
Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus Kviterussland 2003–2018 2010, 2018 Hviterussisk
Russisk
Latvijas Televīzija Latvia 2003–2005, 2010–2011 Latvisk
Makedonska radio televizija Makedonia 2003–2011, 2013, 2015- Makedonsk
Telewizja Polska Polen 2003–2004, 2016- Polsk
Norsk rikskringkasting Noreg 2003–2005 2004 Norsk
Corporación de Radio y Televisión Española Spania 2003–2006 Spansk
Societatea Românǎ de Televiziune Romania 2003–2009 2006 Rumensk
Vlaamse Radio- en Televisieomroeporganisatie Belgia 2003, 2005–2006, 2008–2012 Nederlandsk
Radio-Télévision belge de la Communauté française 2004–2005, 2007 Fransk
Independent Television Storbritannia 2003 Engelsk
ITV2 2004–2005
DR Danmark 2003–2005 2003 Dansk
Sveriges Television Sverige 2003–2005, 2010–2014 Svensk
TV4 2006–2007, 2009
Public Broadcasting Services Malta 2003–2010, 2013–2017 2014, 2016 Engelsk
Nederlandse Omroep Stichting Nederland 2003–2009 2007 Nederlandsk
Televisie Radio Omroep Stichting 2010–2013 2012
AVROTROS 2014–2017
Radiotelevisione svizzera di lingua italiana Sveits 2004 Italiensk
France Télévisions Frankrike 2004 Fransk
Russia Russland 2005–2009 Russisk
Russia-1 2010–2015 Russisk
Radio-televizija Srbije Serbia og Montenegro 2005 Serbisk
Rádio e Televisão de Portugal Portugal 2005–2006, 2017- Portugisisk
Natsionalna Telekompaniya Ukrayiny Ukraina 2006–2017 2009, 2013 Ukrainsk
Radio-televizija Srbije Serbia 2006–2010, 2014– Serbisk
sakartvelos sazogadoebrivi mauts'q'ebeli Georgia 2007– 2017 Georgisk
Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun Armenia 2007– Armensk
Bŭlgarska natsionalna televiziya Bulgaria 2007–2008, 2011, 2014–2016 2015 Bulgarsk
Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija Litauen 2007–2008,2010–2011 Litauisk
TeleRadio-Moldova Moldova 2010–2013 Rumensk
ctimai Televiziya Aserbajdsjan 2012–2013 Aserbajdsjansk
Rashùt Ha-Shidúr Israel 2012, 2016 Hebraisk
Radio Televizioni Shqiptar Albania 2012, 2015- Albansk
Radiotelevisione della Repubblica di San Marino San Marino 2013–2015 Italiensk
Radiotelevizija Slovenija Slovenia 2014–2015 Slovensk
Radio i televizija Crne Gore Montenegro 2014–2015 Montenegrinsk
Rai Gulp Italia 2014– Italiensk
Special Broadcasting Service Australia 2015- Engelsk
TG4 Irland 2015- Irsk
S4C Wales 2018- Walisisk
Khabar Agency Kasakhstan 2018- Kasakhisk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]