Land of a Thousand Dances

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Land of a Thousand Dances
Singel av Cannibal and the Headhunters
frå albumet Land of 1000 Dances
B-side "I'll Show You How to Love Me"
Utgjeve 1965
Sjanger Rock
Lengd 2:14
Selskap Rampart
Låtskrivar(ar) Chris Kenner

«Land of a Thousand Dances» (eller «Land of 1000 Dances») er ein song skriven og først innspelt av Chris Kenner i 1962. Songen er kjend for «na na na na na»-partiet, som Cannibal & the Headhunters la til i versjonen i 1965. dei nådde 30. plassen på Billboard-lista.[1] Den mest kjende versjonen av songen vart spelt inn av Wilson Pickett i 1966. Han nådde toppen av R&B-lista med songen og vart den største hitten hans. Somme utgåve av songen tilskriv Antoine «Fats» Domino som medlåtskrivar på songen i lag med Kenner. Domino gjekk med på å spele inn songen mot at han fekk halvparten av låtskrivar honoraret for songen.[2]

«Na na na na na»-partiet kom til ved eit uhell då Frankie «Cannibal» Garcia, frontsongaren i Cannibal and the Headhunters, gløymde teksten.[2] Melodien til denne delen vart òg skapt spontant og finst ikkje i originalversjonen til Chris Kenner.

Den originale versjonen til Chris Kenner nemner 16 dansar: Pony, the Chicken, the Mashed Potato, the Alligator, the Watusi, the Twist, the Fly, the Jerk, tango, the Yo-Yo, the Sweet Pea, the Hand jive, the Slop, the Bop, the Fish og the Popeye.

Teksten nemner mange dansar, men ikkje sjølve tittelen på songen. Den originale innspelinga inneheld ein kort, gospelaktig acapella-intro med teksten: «Children, go where I send you / (Where will you send me?) / I'm gon' send you to that land / the land of a thousand dances.» Desse 18 sekunda vart fjerna då songen vart gjeve ut på singel, for å lettare verte spelt på radio.

Wilson Pickett-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Land of 1000 Dances
Singel av Wilson Pickett
B-side «You're So Fine»
Utgjeve 1966
Innspelt 11. mai 1966, Muscle Shoals, Alabama
Sjanger R&B
Lengd 2:28
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Chris Kenner
Wilson Pickett-kronologi
«Ninety Nine and a Half (Won't Do)»
(1966)
Land of 1000 Dances «Mustang Sally»
(1966)


Wilson Pickett spelte songen under den første innspelinga i FAME Studios i Muscle Shoals.[3] (Han hadde tidlegare spelt inn i Memphis.) Innspelinga hans vart gjeve ut som singel og på albumet The Exciting Wilson Pickett. Singelen vart den tredje songen hans som nådde toppen av R&B-lista i USA og den høgaste plasseringa hans på Billboard Hot 100 med ein sjetteplass.[4] I 1988 vart ei nyinnspeling av Pickett nytta under rulleteksten til The Great Outdoors. I 1989 vart den første Pickett-versjonen rangert på 152. plass på lista til Dave Marsh over The 1001 Greatest Singles Ever Made.[5]

Medverkande:

Land of a Thousand Dances
av Ted Nugent
Utgjeve 1981
Sjanger Rock
Lengd 4:39
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Fats Domino/Chris Kenner
Ted Nugent-kronologi
«Jailbait»
(1981)
Land of a Thousand Dances «The Flying Lip Lock»
(1981)


Lister[endre | endre wikiteksten]

Cannibal and the Headhunters version

Liste (1965) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 30

Wilson Pickett-versjonen

Liste (1966)[6][7] Plassering
UK Singles Chart 22
U.S. Billboard Hot 100 6
U.S. Billboard Hot Rhythm & Blues Singles 1

Ted Nugent-versjonen

Chart (1981) Plassering
U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 47

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 101. 
  2. 2,0 2,1 Shannon, Bob; John Javna (1986). Behind the Hits: Inside Stories of Classic Pop and Rock and Roll. New York: Warner Books. s. 94–95. ISBN 0-446-38171-3.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  3. 3,0 3,1 White, Adam; Fred Bronson (1993). The Billboard Book Of Number One Rhythm & Blues Hits. New York: Billboard Books. s. 22. ISBN 0-8230-8285-7.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 461. 
  5. «Land of 1000 Dances». Henta 26. september 2013. 
  6. «The Exciting Wilson Pickett - Billboard singles». Allmusic. Henta 26. september 2013. 
  7. «Wilson Pickett - Land of 1000 Dances». Arkivert frå originalen 2009-07-06. Henta 26. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]