Landbruksregisteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Landbruksregisteret er eit norsk register som gir informasjon om ressursgrunnlag, lokalisering og eigartilhøve på landbrukseigedommane i Noreg. Registeret er eit kunderegister for Landbruksdirektoratet.[1] Tidlegare vart det forvalta av Statens landbruksforvalting.

Landbruksregisteret vart oppretta i 1990. Frå januar 2000 fekk Statens landbruksforvalting ansvaret for landbruksregisteret. Det byggjer på eldre register som matrikkelen av 1886 og jordregisteret som vart ført av «Jorddirektoratets avdeling for jordregistrering» frå 1959.

Registeret vert hovudsakleg oppdatert frå Brønnøysundregistera, Statens kartverk og Skattedirektoratet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Grunndata og kart - Landbruksdirektoratet», www.landbruksdirektoratet.no, henta 27. februar 2019