Landed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landed
Studioalbum av Can
Utgjeve September 1975
Innspelt Februar-april 1975 ved Inner Space Studio
Sjanger Krautrock
Lengd 40:18
Selskap Horzu, Virgin
Produsent Can
Can-kronologi
Soon Over Babaluma
(1974)
Landed Unlimited Edition
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Pitchfork Media(6.1/10) [2]

Landed er det sjuande studioalbumet til den tyske rockegruppa Can, utgjeve i 1975. Det er sagt å vere starten på den mindre eksperimentelle perioden deira.

Albumet har vorte skildra som eit forsøk på å lage glamrock med livlege songar. Den siste og lengste songen på albumet, «Unfinished», har likevel meir ei ambient kjensle som ein finn på tidlegare album som Future Days og Soon Over Babaluma.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Landed vart spelt inn i Inner Space Studios i 1975. Holger Czukay sat bak spakane i Inner Space Studios. Side A vart miksa av Toby Robinson og Holger Czukay ved Studio Dierks i Stommeln i Tyskland, medan side B vart miksa av Czukay i Inner Space Studios, begge sider med Rene Tinner som assistent. Albumet vart produsert av bandet sjølv. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Hunters and Collectors», med «Vernal Equinox» som B-side.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei melding for Pitchfork i 2005 skreiv Dominique Leone: «Landed frå 1975 var den første Can-plata som fekk det Czukay kallar ein 'profesjonell miks', sidan bandet oppgraderte til 16-sporsopptakar og fekk høvet til å utarbeide fleire lag av lyd. Men det som på papiret høyrdest ut som ei gudegåve for fansen som ønskte så mykje Can-magi som mogeleg, fekk ikkje heilt det dei venta seg. Borte var dei episke, funky og ambiente songane eller minimalistiske rocke-eksperimenta til fordel for ganske streite jam-band-melodiar. 'Full Moon on the Highway' bryt ut av porten i eit fint tempo med eit ikkje-rock-prega refreng av Karoli. Heldigvis er gitaren hans i sentrum, sjølv om det er klårt at bandet ikkje spelte kosmisk fysikk-musikk lenger. 'Half Past One', 'Vernal Equinox' og 'Hunters and Collectors' er variantar av ideen om ein enkel akkordprogressjon og kjappe rytmar som er utskytingsrampar for lange soloar. Eg gjev Can ære for å tørre og gjennomføre det, men treng eg verkeleg høyre dei gjere det? 'Red Hot Indians' er meir interessant, og høyrest ut som bisarr, tropisk jazzpop med Olaf Kübler frå Amon Düül som gjest på doble saksofonsoloar. Den 13 minuttar lange lyd-kunst-avslutninga 'Unfinished' passar ikkje heilt inn med resten av plata, men gjev i det minst Can høvet til å strekke ut dei mest eksperimentelle ideane sine på 16 spor, og liknar på 'Cutaway' eller nokre av dei meir sprø augneblikka på Tago Mago.»[3]

Musikaren Barry Adamson hadde med albumet på lista over dei 13 favorittalbuma hans og sa: «Det er eit av dei albuma der det i forhold til produksjon er noko transcendentalt om den gjennomsnittlege rockesongen. Eg syns dette er eit av dei meir pop-prega albuma til Can - dei tidlegare platene deira var meir der ute - og eg må innrømme at eg elskar det eksperimentale pakka inn i pop og pakka rundt det fengande og pakka kring ting du kan hugse, men som likevel har ei avantgarde tilnærming, om du vil.

Så sjølv når 'Hunters and Collectors' byrjar, er det framleis ei rar form for nostalgi-aktig tyskheit ved det. Det glir over i psykedelia òg, og dei elementa kombinert gjer det til ei av dei platene eg ville ha plukka ut om eg bladde gjennom nokon andre sine platesamlingar og denne kom opp, og eg ville teke ho ut og sett ho på platespelaren og skrudd opp lyden.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Can utanom tekst for «Full Moon on the Highway» og «Half Past One» skriven av Can og Peter Gilmour.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Full Moon on the Highway»3:32
2.«Half Past One»4:39
3.«Hunters and Collectors»4:19
4.«Vernal Equinox»8:48
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Red Hot Indians»5:38
6.«Unfinished»13:21
Total lengd:40:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Holger Czukay – bass, vokal på «Full Moon on the Highway»
  • Michael Karoli – gitar, fiolin, solovokal
  • Jaki Liebezeit – trommer, perkusjon, blåseinstrument
  • Irmin Schmidt – klaverinstrument, Alpha 77, vokal on «Full Moon on the Highway»
  • Olaf Kübler – tenorsaksofon on «Red Hot Indians»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Boisen, Myles. "Can: Landed > Review»Allmusic. Henta 7. mars 2013.
  2. Leone, Dominique (7. mars 2013). «Can: Landed». Pitchfork Media. Henta 7. mars 2013. 
  3. «Can: Future Days / Soon Over Babaluma / Unlimited Edition / Landed Album Review - Pitchfork». pitchfork.com. Henta 26. juli 2020. 
  4. «The Quietus - Features - Baker's Dozen - Experimentalism Wrapped Around Pop: Barry Adamson's Favourite LPs». Henta 26. juli 2020.