Landegode

Koordinatar: 67°21′46″N 14°19′57″E / 67.36278°N 14.33250°E / 67.36278; 14.33250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landegode
Landegode sett frå Rønvikfjellet i Bodø.
Landegode sett frå Rønvikfjellet i Bodø.
Geografi
Stad Salten
Koordinatar 67°21′46″N 14°19′57″E / 67.36278°N 14.33250°E / 67.36278; 14.33250

Areal 30,3 km²

Høgaste punkt Rypdalstind (802 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 42
Folketettleik 1,4 /km²

Landegode eller Landego er ei øy i Vestfjorden, like nord for Bodø. Øya høyrer til Bodø kommune og har eit areal på 30,3 km². Det høgaste punktet på øya er Rypdalstind på 802 moh. Landegode har 42 innbyggjarar.

Øya har ein barneskule på Fenes. Landego skule er den minste skulen i Bodø kommune. Fram til 1963 låg skulen på Kvig og var internatskule, men seinare flytta han til Fenes. Det finst òg daglegvarebutikk og fiskemottak på øya.

Sør på øya går det veg mellom Fenes og Kvig. Vegen var ferdig i 1994. Landegode har hurtigbåtsamband til Bodø.

holmen Eggløysa like nord for Landegode ligg Landegode fyr. Fyret vart automatisert og avfolka i 1993. På den vesle Bjørnøya like aust for Landegode ligg Bjørnøy fyr. Dette fyret vart nedlagt i 1972.

Skipsforlis[endre | endre wikiteksten]

Landegode fyr

Nordgåande hurtigrute DS «Haakon Jarl» sokk natt til 17. juli 1924 ved Utgrunnsflesa, 6 sjømil nord for Landegode, etter at det hadde kollidert i tåke med sørgåande hurtigrute DS «Kong Harald». 17 menneske omkom i forliset. [1] Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine.

Nordgående hurtigrute DS «Prinsesse Ragnhild» eksploderte og sokk ved Landegode 23. oktober 1940. Om lag 300 menneske omkom, medan 145 menneske vart redda. Årsaka til eksplosjonen er usikker, men ein meiner skipet kan ha gått på ei undervassmine eller at ammunisjon i lasterommet kan ha eksplodert. [2] Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine., [3] Arkivert 2006-02-07 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]