Landegodefjorden

Koordinatar: 67°21′47″N 14°24′29″E / 67.36306°N 14.40806°E / 67.36306; 14.40806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°21′47″N 14°24′29″E / 67.36306°N 14.40806°E / 67.36306; 14.40806

Landegode fyr ved Landegordefjorden

Landegodefjorden er ein fjord i Bodø kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øya Landegode i i nordvest og Nordstranda nord for sjølve Bodø i søraust. Han strekkjer seg 18 km nordaustover til Misterøya der Mistfjorden går austover.

Fjorden startar i sør mellom Steinsvær i vest og Store Hjartøya like ved Bodø i aust. På austsida av fjorden ligg grendene Myklebostad, Skjelstad og Kløkstad, samt bygda Skau. Landegode fyr ligg nord for Landegode.

Riksveg 834 går langs austsida av fjorden.