Landersfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°25′50.124″N 26°42′13.118″E Landersfjorden (samisk Lánavuotna) er ein fjordarm av Laksefjorden i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km sørover til Issatgohppi i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Brattholmen i vest og Sommarvikneset i aust. Sør for Brattholmen går Storfjorden sørover. Det er eit par bustader lengst sør i fjorden, men ingen større busetnader. Fjorden er 187 meter på det djupaste, midtfjords ved munningen.

Riksveg 98 går langs søraustsida av fjorden.