Landforma erg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Issaouane Erg i Algerie.

Ein erg (òg sandhav, dynehav eller sandslette om det ikkje er sanddyner) er eit vidt, flatt ørkenområde med vindfaren sand med lite eller ingen vegetasjon.[1] Uttrykket kjem frå det arabiske ordet ʿarq (عرق), som tyder «dyneslette».[2] Strengt tatt er ein erg definert som eit ørkenområde med meir enn 125 km² med eolisk eller vindblåst sand[3] og der sanden dekkjer meir enn 20 % av overflata.[2] Mindre område vert kalla «sanddynesletter». Den største varme ørkenen i verda, Sahara, dekkjer 9 millionar kvadratkilometer og inneheld fleire ergar, som Chech Erg og Issaouane Erg i Algerie.[4] Kring 85 % av all sand som flyttar på seg på jorda finst i ergar som er større enn 32 000 km².[5] Ein finn òg ergar på andre himmellekamar, som Venus, Mars og Saturn-månen Titan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Issaouane Erg, Algeria». NASA Earth Observatory. http://earthobservatory.nasa.gov/Newsroom/NewImages/images.php3?img_id=16813. Henta 28. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Summary: Sand Seas/Ergs/Dune Fields». Desert Guide. United States Army Corps of Engineers. http://www.agc.army.mil/desert_guide/lsmsheet/lsseas.htm. Henta 28. desember 2015. 
  3. Parrish, Judith Totman (2001). Interpreting Pre-Quaternary Climate from the Geologic Record. Columbia University Press. s. 166. ISBN 978-0-231-10207-0. 
  4. Spector, Christy (September 24, 2001). «Soil Forming Factors». NASA Goddard Space Flight Center. http://soil.gsfc.nasa.gov/soilform/deposits.htm. Henta 28. desember 2015. 
  5. Cooke, Ronald U.; Warren, Andrew (1973). Geomorphology in deserts. University of California Press. s. 322. ISBN 978-0-520-02280-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]