Landheving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandstrand i Nunavut som ber merke av landheving.

Landheving er heving av jordskorpa i forhold til havnivået.

I område som var dekt av innlandsisen, blant anna Norden og Canada, får ein postglasial landheving. I andre område, der jordskorpeplatene møtest, får ein tektonisk landheving. Rørslene til jordskorpa blir kalla isostasi.

Nivået til havoverflata relativt til jordoverflata blir au påverka av endringar i det totale volumet av vatn i verdshava. Dette blir kalla eustasi.

Postglasial landheving[endre | endre wikiteksten]

Raten av landheving i ulike delar av verda, der lilla er den høgaste raten med 18 mmm per år.

På slutten av den siste istida var delar av Nord-Europa og Nord-Amerika dekt av eit opp til tre km tjukt islag. Isen pressa på grunn av tyngda jordskorpa ned i mantelen. Når isen smelta, byrja landet å stige igjen. På grunn av at jordmantelen har høg viskositet tar denne prosessen tusenvis av år.

Forsking har visa at landhevinga i starten var i storleiken 75 mm/år. Denne fasen varte i ca 2000 år da isen blei tynnare og drog seg bakover. Når isen hadde forsvunne, minska landhevinga til ca 25 mm/år, og avtok sidan eksponensielt. Ein reknar med at landhevinga kjem til å fortsette i ca 10 000 år til. Der landhevinga i dag er størst kan ca 50-100 m landheving gjenstå.

Den største landhevinga i Noreg skjer i det indre av Oslofjorden. Her stig landet med fire mm/år. Den minste landhevinga i Noreg er på Sørvestlandet der det er litt negativ landheving.

I Sverige er landhevinga aller størst i Norrland og spesielt i Ångermanland (Höga kusten), der ho har vore 5 meter dei siste 500 åra. Den synlege landhevinga, dvs. landhevinga i forhold til havoverflata, er i dag cirka sju mm/år i Ångermanland. Noverande maksimum ligg ein stad i nordre Bottenvika og er på cirka ni mm/år. I Mälardalen er hevinga som i Oslo cirka fire mm per år medan det i Skåne som på Jæren er ei landsenking på 0–1 mm/år. På 1900-talet steig samtidig havoverflata med ca ein mm/år, og difor er den verkelege landhevinga i dag større enn den synlege.

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Vasstanden til ulike tider i Vaasa i Finland, markert med kuler på steinar.

Denne effekten var så merkbar i Sverige at ein på syttenhundretalet trudde at det som skjedde var ei vassminking. På initiativ frå Anders Celsius blei det hogd inn eit tal merke i bergveggar rundt om i Sverige. Ved hjelp av desse kunne ein alt i 1765 sjå at det ikkje var ei vassminking, men ei ujamn landheving. Årsaka til landhevinga var likevel ukjent fram til skotten Thomas Jamiesson i 1865 sette ho i samband med istida som ein hadde oppdaga i 1837. Fyrst etter at Gerard de Geer undersøkte gamle strandlinjer blei teorien allment akseptert. Dette var i 1890.

Effektar[endre | endre wikiteksten]

Kart over Austersjøen, då eit innelukka vatn som er blitt kalla Ancylusjøen, kring 7500 f.Kr. Store delar av dagens Finland og Sverige ligg under vatn.

Ein konsekvens av landhevinga er land som stig opp av havet. Ved Ångermanland i Sverige ligg til dømes den høgaste kystlinja ca 300 m høgare enn dagens strandlinje. I osloområdet er marin grense på 220 meter og på Lista berre på åtte meter. Ein annan konsekvens er at storleiken til innsjøar blir forandra. I Sverige tippar landet stadig meir mot sør, og dermed kjem vatn med avløp i sør til å krympe mens vatn med avløp i nord veks. Eit døme er Vättern. Der stig vatnet høgare i sør ved Jönköping. Effekten blir berre merka for vatn med stor utstrekking i nord-sør.

Landhevinga har hatt stor betyding i Norden. Mälaren var tidlegare ei vik av Østersjøen, men på grunn av landhevinga blei den kutta av av for ca 1000 år sidan, noko som gjorde at Stockholm blei grunnlagt på midten av 1200-talet. Mange hamner rundt Østersjøen, blant anna Östhammar og Torneå, har blitt flytta ein eller fleire gonger sidan dei blei for grunne. På lang sikt kjem Bottenvika til å bli ein innsjø.

I Storbritannia var Skottland, men ikkje syndre England, dekt av isen. I dag er der difor ei landsenking i Sør-England som aukar risikoen for oversvømmingar av havet, spesielt i områda ved dei nedre delane av elva Themsen. I kombinasjon med klimaendringa kan dette føre til at flaumvernet i London (Thames Barrier) kan å bli underdimensjonert alt etter 2030.

Dei store sjøane i Nord-Amerika ligg i stort sett på «vippelinja» mellom land som blir heva og senka. Øvresjøen var tidlegare del av ein mykje større sjø saman med Lake Michigan og Lake Huron, men landhevinga delte opp sjøane for 2100 år sidan. I dag skjer ei landsenking ved sørkysten til sjøane og landheving ved nordkysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Landheving