Landhockey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landhockey under Asian Games 2014.

Landhockey er ein lagidrett i hockeyfamilien som blir spelt på mark. Idretten går ut på å slå ein liten ball inn målet til det andre laget, og har funnest i ulike former i fleire hundre og kanskje tilmed fleire tusen år.[1]

Film av nederlandsk landhockeykamp i 1941.

Moderne landhockey oppstod på 1800-talet i England og det britiske imperiet. I dag er landhockey ein av dei største ballsportane i verda, og blir spelt i oppimot hundre land. Det er ei olympisk grein både for menn og kvinner. Herrelandslaga frå India og Pakistan dominerte lenge idretten, og landhockey er rekna som nasjonalidrett i begge landa. Frå 1980-talet har laga frå Nederland, Tyskland og Australia vore blant dei sterkaste.

I Noreg er idretten organisert av Norges Bandyforbund og internasjonalt av Det internasjonale hockeyforbundet (FIH).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «History of Field Hockey» Arkivert 2017-07-24 ved Wayback Machine., fieldhockey.isport.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.