landskapet Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå landskapet Land med Randsfjorden i bakgrunnen.
Foto: Halvard Hatlen

Koordinatar: 60°50′N 10°10′E Land er eit landskap i Oppland fylke og er fellesnamn på dei store jordbruks- og skogtraktene omkring nordre del av Randsfjorden og oppover mot Valdres og Vestre Gausdal. Administrativt er området delt inn i kommunane Nordre-Land og Søndre Land. Det gamle Land herad vart delt i Nordre og Søndre Land 1. januar 1848.

Riksveg 35 fører gjennom distriktet. Det meste av busetnaden finst langs Randsfjorden og i dei to hovuddalane som munnar ut i nordenden. Der dei to dalane møtest, ligg den største tettstaden, Dokka, administrasjonssenter i Nordre Land kommune, med betydeleg industri. Også Hov, administrasjonssenter i Søndre Land kommune har atskilleg industri. Land utgjer saman med Hadeland eit tingrettsdistrikt og eit prosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]