Landslaget for norskundervisning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Landslaget for norskundervisning (LNU) er ei ideell foreining som har som mål å organisere flest mogleg av dei som underviser i norsk eller har norskfagleg utdanning. LNU er målpolitisk og fagpolitisk ubunde. Medlemmer av LNU får fire gonger i året tilsendt Norsklæraren, eit tidsskrift for språk og litteratur. Medlemmene kan òg vere med i Norskbokklubben. LNU gjev i samarbeid med Fagbokforlaget ut fleire fagbøker i året. Desse bøkene kjem som hovudbøker i Norskbokklubben. LNU held norskfaglege kurs og seminar. Ein gong i året avheld LNU landskonferanse for alle norsklærarar. Temaet for konferansen varierer frå år til år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]