Landslide av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landslide
Song av Fleetwood Mac
frå albumet Fleetwood Mac
Innspelt 1975
Sjanger Folkrock
Lengd 3:19
Selskap Reprise Records
Komponist Stevie Nicks
Tekstforfattar Stevie Nicks
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac, Keith Olsen

«Landslide» er ein song skriven av Stevie Nicks og framført av den britisk-amerikanske gruppa Fleetwood Mac. Han vart først gjeven ut på albumet Fleetwood Mac. Denne songen og «Rhiannon» var dei første songane Nicks skreiv for bandet etter ho kom med. Ein konsertversjon vart gjeven ut som singel 23 år seinare frå konsertalbumet The Dance. Denne versjonen nådde 51. plassen på Billboard Hot 100-lista og 10. plassen på Adult Contemporary-lista. «Landslide» selde til gullplate i oktober 2009 for 500 000 eksemplar i USA.

Stevie Nicks-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det finst sju forskjellige versjonar tilgjengeleg med Nicks på vokal:

Songen er ein av dei Fleetwood Mac har spelt oftast på turneane sine. Nicks har sunge songen på alle turneane ho har hatt med Fleetwood Mac sidan ho kom med i bandet, utanom Shake the Cage-turneen.[1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Smashing Pumpkins[endre | endre wikiteksten]

Det alternative rockebandet The Smashing Pumpkins spelte inn ein akustisk versjon av songen, gjeven ut som B-side til singelen «Disarm» i 1994 og seinare på B-sidesamlinga Pisces Iscariot. Versjonen vart ein av dei best likte songane til bandet, og vart òg godkjend av Nicks sjølv. Ho fortalte i 1998: «Det finst ikkje noko som er meir tiltalande for ein låtskrivar enn når nokon andre spelar inn songane dine. ['Landslide'] gjorde òg at eg vart vener med Billy [Corgan] og opna høvet for at me kan arbeide i lag. Over denne songen har det blitt eit fantastisk band mellom oss... han strekte seg ut... eg trur at poesien min verkeleg er meint for alle, uansett alder.» Versjonen vart ein hitt og nådde topp tre på Modern Rock Tracks-lista i USA det året og 30. plass på U.S. Airplay-lista. Songen finst òg på den amerikanske versjonen av samlealbumet deira, Rotten Apples.

Liste (1994) Plassering
Canadian RPM Top Singlar 47
U.S. Billboard Hot 100 Airplay 30
U.S. Billboard Modern Rock Tracks 3

Dixie Chicks[endre | endre wikiteksten]

Landslide
Singel av Dixie Chicks
frå albumet Home
Språk engelsk
Utgjeve 2. september 2002
Innspelt 2001–2002
Sjanger Country
Lengd 3:50
Selskap Columbia Nashville
Komponist Stevie Nicks
Tekstforfattar Stevie Nicks
Låtskrivar(ar) Stevie Nicks
Produsent Dixie Chicks, Lloyd Maines
Dixie Chicks-kronologi 
«Long Time Gone»
(2002)
Landslide «Travelin' Soldier»
(2002)


Countrygruppa Dixie Chicks spelte inn «Landslide» i 2002 for albumet Home. Denne utgåva nådde topp 10 på både Billboard Hot 100 (7. plass) og Hot Country Songs-lista (2. plass) i tillegg til fleire andre lister. Han vart den einaste songen til Dixie Chicks som nådde toppen av Adult Contemporary-lista.

Liste (2002–2003) Plassering
Australia (ARIA)[2] 6
Canada (Nielsen SoundScan) 2
New Zealand (RIANZ)[3] 27
UK Singles (The Official Charts Company) 55
US Billboard Hot 100[4] 7
US Pop Songs (Billboard)[5] 13
US Country Songs (Billboard)[6] 2
US Adult Pop Songs (Billboard)[7] 2
US Adult Contemporary (Billboard)[8] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Plassering
US Country Songs (Billboard)[9] 48

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er framført mange gonger på diverse songkonkurransar på TV.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]