Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak. Føremålet er å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

Skipingsmøte for LNK vart halde på Bryne 16.–18. juni 1993, med 86 kommunar som medlemmer.

Per 31. desember 2018 hadde LNK 124 medlemmer: 102 kommunar, 4 fylkeskommunar, 18 regionråd og andre kommunale selskap

Dagleg leiar er Vidar Høviskeland, Solfrid Borge er styreleiar (2021). LNK gjev ut nyheitsbrevet LNK-nytt kvar fredag, og driv nettstadane LNK.no, Magasinett.no, Pirion.no og Framtida.no.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]