Landstads kirkesalmebog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Landstads Kirkesalmebok)
Landstads kirkesalmebog
Språknorsk
Utgjeven1870

M.B. Landstads Kirkesalmebog, kalla Landstads salmebok, vart ved kongeleg resolusjon 16.10.1869 autorisert for bruk i dei sokna som gjorde vedtak om det. Ho vart utgitt i 1870.[1] Boka hadde 634 nummer, alle på dansk-norsk.

Utkastet[endre | endre wikiteksten]

Magnus Brostrup Landstad

Magnus Brostrup Landstad hadde alt i 1861 på «offentlig foranstaltning» gjeve ut eit utkast. Boka var etla for kyrkjeleg bruk: Nr 1-101 er til gudstenesta, nr 102-584 til kyrkjeåret, 585-640 til ymse kyrkjelege handlingar. Salmeboka tok opp salmar av Luther, Kingo, Brorson, Grundtvig m.fl. Dei gamle salmane vart redigerte og ofte nedkorta. I denne redaksjonen la han meir vekt på omsynet til diktverket enn til teologisk dogmatikk. I dei gamle tyske salmane reinska han ut mange danske ord, og sette istaden inn ord frå norske målføre. Dette fekk til dels kraftig kritikk for det som vart oppfatta som radikale språkformer. Landstad retta seg litt etter kritikken, men store endringar gjorde han ikkje. Utkastet vart sidan lagt fram for ei salmeboknemnd leia av biskop Andreas Grimelund. I denne prosessen vart om lag 30 nyare salmar tekne ut, medan 20 eldre salmar vart tekne inn.

Kyrkjesalmeboka[endre | endre wikiteksten]

Salmeboka var redigert slik:

Med tanke på opphav fordeler salmane seg slik:

  • 34 salmar frå oldkyrkja og mellomalderen
  • 216 tyske salmar
  • 3 engelske salmar
  • 1 tsjekkiske salmar
  • 11 svenske salmar
  • 283 danske salmar
  • 86 dansk-norske salmar (dvs salmar skrivne på dansk av nordmenn)

Boka vart bruka parallelt med dei gamle salmebøkene og Hauges Salmebok, som vart autorisert i 1873.

Salmane i Landstads salmebok er omtalte i J.N. Skaars Norsk Salmehistorie I og II, 1979-80.

4. mars 1892 vart Elias Blix' Nokre Salmar autorisert til bruk ved den offentlege gudstenesta, og desse landsmålssalmane vart trykte bak i Landstads salmebok som nr 635 - 791.

Utpå 1900-talet meinte folk at salmeboka var mogen for revisjon, og i 1926 kom salmeboka som fekk namnet Landstads reviderte salmebok. Men enno i mange år valde mange kyrkjelyder å halde på den den originale salmeboka.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yrjar Heimbygdslag