Landtunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk framstilling av korleis ei landtunge oppstår.

Ei landtunge er eit langstrekt nes danna av avsetningar. I den eine enden heng landtunga fast i land, medan den andre strekkjer seg ut i sjøen.[1] Ei landtunge er ei form for sandbanke eller strand som utviklar seg ved abrasjon, som er bølgjer som verkar på kysten kring eit nes eller eit anna utspring.

Stundom kan landtunga berøre kysten att eit stykke lenger borte og danne ein lagune innanfor landtunga. Slike lagunar vert kalla haff i Austersjøen og étang i Frankrike, der ein finn fleire slike. Ved Austersjøen vert slike landtunger kalla nehrung.

Landtunger i verda[endre | endre wikiteksten]

Chamissoøya og landtunga der.

Den lengste landtunga i verda er Arabat-tunga i Azovhavet. Han er om lag 110 km lang.

Farewell SpitNew Zealand er 32 km og ein av dei lengste i verda. Denne ligg nordvest på South Island.

Den kuriske landtunga utanfor kysten av Litauen og Kaliningrad oblast i Russland, skil Den kuriske bukta frå Austersjøen, og er 98 km lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Evans, O.F. 1942, The origin of spits, bars and related structures: Journal of Geology, v. 50, p. 846-863