Langbrynspottefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langbrynspottefugl

Status i verda: LC Livskraftig

LangbrynspottefuglFoto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp
Langbrynspottefugl
Foto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae
Slekt: Mimus
Art: M. saturninus
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Mimus saturninus
Lichtenstein, 1823

Langbrynspottefugl (Mimus saturninus) er ein av dei typiske spottefuglane i den biologiske slekta Mimus. Arten finst i sørlege og austlege Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Langbrynspottefuglen har kroppslengd i området 23,5 til 26 centimeter og vekt på rundt 55 til 70 gram. Oversida er brunleg, undersida er lys med tonar av gulbrunt. Andledet og panna er lys, med ei mørk augestripe og mørk krone som formar eit nært kvitt augebryn i mellom. Vengoversida er mørkare brun med utydelege kvite vengband. Dei ytre halefjørene har godt synlege kvite tuppar. Halen blir ofte halden halvvegs oppreist og verke iaugefallande. Beina er lange og gråsvarte, nebbet er svart. Der er mindre variasjonar i både fjørdrakt, nebb og kroppslengd blant underartane.[1]

Arten kan prestere eit repertoar av læte, og kan dessutan herme artar som vegvåk og sporvefalk.[1]

Utbreiingsområdet er i sørlege og austlege Sør-Amerika: søraustlege Surinam, Brasil, Argentina, Uruguay, Paraguay og søraustlege Bolivia. Her føretrekker dei låglandshabitat utan tett skog, mellom skogkanten og ut på opne savannar. Dei kan treffast ved busetjingar og inne i parkar og hagar i byane. Dei beitar på bakken og tar det meste av insekt og anna smådyr, frø og småfrukt som bær.[1]

Para får kull på 3 til 4 egg som rugast i 12-15 dagar. Ungane held seg i reiret i opptil 15 dagar og blir deretter fora i ei veke. Nokre par får hjelp til å sute for ungane frå «hjelparar».[1]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cody, M. (2017) Chalk-browed Mockingbird (Mimus saturninus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. februar 2017
  2. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus saturninus. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. februar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Langbrynspottefugl