Langduskpingvin
| Langduskpingvin | |
Eudyptes moseleyi i Berlin Zoological Garden Foto: Arjan Haverkamp | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av langduskpingvin | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sphenisciformes |
| Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
| Slekt: | Eudyptes |
| Art: | Langduskpingvin E. moseleyi |
| Vitskapleg namn | |
| Eudyptes moseleyi | |
Langduskpingvin (Eudyptes moseleyi), tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Indiahavet.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Langduskpingvinar skil seg lite i utsjånad frå andre i slekta Eudyptes, han har fjørtopp og lys, gult augebryn som endar i ein fjørdust, men augestripa er smalare og kortare enn hos klippehopparpingvinen. Han er ein av dei minste pingvinane, ca. 55 centimeter,[1] berre dvergpingvinen er vesentleg mindre. Langduskpingvin dukkar typisk ned til 18 meter for å hente føde og er under vatn i rundt eit minutt, men han kan gå ned til 100 meters djupne. Føda er sett saman av krepsdyr, fisk og blekksprut, i ei undersøking utgjorde krillarten Thysanoessa gregaria den dominerande mengda av føde.[2] Dei beitar ofte selskapeleg i flokk, og er kolonihekkarar. Kullet er vanlegvis på to egg. Langt dei fleste, ca. 80 %, lever i det sørlege Atlanterhavet, resten av populasjonen i Indiahavet.[3]
Bestanden er estimert til ca. 265 000 hekkande par og er minkande. Arten er rekna som sterkt truga grunna snøgg tilbakegang i heile utbreiingsområdet dei siste tretti åra.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Moseley's Penguin - Eudyptes moseleyi - Overview». Encyclopedia of Life. Henta 11. januar 2014.
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Eudyptes moseleyi Arkivert 2016-06-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. januar 2014.
- Referansar
- 1 2 3 BirdLife International 2014
- ↑ «Diving behaviour of female northern rockhopper penguins, Eudyptes chrysocome moseleyi, during the brooding period at Amsterdam Island (Southern Indian Ocean)». Marine Biology. 134 (2): 375–385. 1999-07-01. doi:10.1007/s002270050554. Henta 11. januar 2014.
{{cite journal}}: Den ukjende parameteren|authors=vart ignorert (hjelp) - ↑ Encyclopedia of Life 2014