Langeleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Langeleik er eit klimpreinstrument frå norsk folkemusikk. Det har ein lang, tynn resonanskasse, med eller utan botn, og eit varierande tal strengar. Opphavleg blei leiken kalla langspel.

I nyare instrument er det vanleg å ha éin melodistreng og sju eller åtte akkompagnementstrengar. Tidlegare hadde ein færre, vanlegvis fire slike strengar.

Den eldste langeleiken me kjenner til er frå Vardalsåsen ved Gjøvik, og er inskribert med årstalet 1524. Instrumentet og bruken av det var spreidd over heile landet, heilt nord til Finnmark.

Langeleiken er i slekt med ei rekke andre siterinstrument som ein finn over nesten heile verda.