Langesund mekaniske verksted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seglskuter er til reparasjon hos Langesund mekaniske verkstad. Foto: Telemark Museum

Langesund mekaniske verksted var ein verkstad for skipsbygging. Verkstaden vart etablert som aksjeselskap våren 1914 av skipsreiar H.P. Jacobsen. Verkstaden vart grunnlagt på Smietonga ved Konghamn i Langesund der det hadde vore skipsverft tidlegare. Skipsbygging og skipsreparasjonar hadde føregått ved ulike seglskipsbyggeri i dette området sidan slutten av 1600-talet.

I perioden 1890–1920 vart dei mekaniske verkstadane den store industrinæringa i Noreg og etableringa av verkstaden i Langesund var ein del av denne utviklinga. Langesund mekaniske verkstad leverte skip i perioden frå 1918–1967.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Langesund var ein viktig base for skipsbyggeri på 1600-og 1700-talet og stod for fleire leveransar av skip til det dansk-norske marinen. I åra 1672–1712 vart det bygt fleire skip av typen defensjonsskip. Skipa skulle kunna verna seg mot kaprarar i fredstid og tena som orlogsskip i krig. I perioden Christen Pedersen Lund var verftseigar vart det bygget seks defensjonsskip. Det meste kjende var «Christina Maria» på 189,5 lestar og 36 kanonar. Då Christen Pedersen Lund døydde i 1705, overtok Jørgen Pedersen Lund som verftseigar og skipsbyggar. I hans periode auka leveransane av seglskip til det dansk-norske heilstaten kraftig. Ei viktig årsak til det var den store nordiske krigen 1700–1721.

På 1800-talet vart byggeverksemda av seglskuter i Langesund oppretthalde sidan det var stor etterspurnad etter skuter. I åra etter 1875 vart det likevel bygd få nye seglskuter i Langesund. Årsaka var låge fraktpriser og konkurranse frå dampskip. Verftseigarane i Langesund konsentrert no verksemda om å kjøpa utrangerte tre- og stålskutar. Skutene vart bygd om, slik at mannskapbehovet vart mindre, og lønsemda i frakta større.

Maskinverkstaden i Langesund under bygging. Foto: Telemark Museum
H.P. Jacobsen. Grunnleggjaren av verkstaden. Foto: Telemark Museum

Frå seglskuteverft til dampskipsbyggeri[endre | endre wikiteksten]

I 1898 kjøpte H.P Jacobsen byggegrunnar ved Konghamn i Langesund. Det inkluderte dei gamle skipsverfta på begge sider av hamna. Her hadde verksemda lege nede i fleire år, og i den første tida konsentrerte Jacobsen verksemda om skipsreparasjonar. Overgangen frå segl til dampskip førte likevel til at det måtte tenkjast nytt og området på Smietonga vart oppmålt med tanke på omlegging til mekanisk verkstad. Investorane uteblei, men reiaren Jacobsen skaffa seg i mellomtida kunnskap ved å føra oppsyn med sina båtar når dei var til reparasjon og dokking på ulike verft langs kysten. Han vitja Moss Verft og Dokk ei rekkje gonger. Våren 1914 hadde H.P Jacobsen, gjennom reiarlaget sitt Jacobsen & co og Langesund kommune, skaffa den naudsynte kapitalen og verksemda ved Langesund Mekaniske verkstad kunne starta. Tilgjenge på kompetente fagfolk var av avgjerande tyding for verkstaden. I dei første åra var det utfordrande. Likevel klarte verftet å oppretthalda verksemda gjennom å reparera og klassifisera både dampskip og seglskuter. Etter eit par år løyste problemet med mangel på fagfolk seg, då ingeniør Samson Tokheim overtok drifta ved verftet. På kort tid vart den naudsynte moderniseringa og utvidinga av verftet gjennomført, slik at det kunne byggjast dampskip.

Etableringa av verkstaden på Smietonga fekk òg stor tyding for bymiljøet i Langesund. Den auka tilflyttinga av nytilsette som skulle arbeida ved verkstaden var stor. Føretaket fekk i oppgåve å skaffa bustader til arbeidarane og familiane deira. I åra 1917–1918 vart det bygt ti nye hus på det gamle Myrjordet. Standarden på bustadene var god og Nybyen vart ein av dei betre bydelane på staden, med ei flott, brei gate og nyplanta tre.

Langesund mekaniske verkstad - dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over Langesund mekaniske verkstad. Foto: Telemark Museum
Dampskipet Havmøy. Foto: Telemark Museum

DS «Terneskjær» på 700 tonn og det noko mindre DS «Eikhaug», var dei første dampskipa som vart bygde ved Langesund mekaniske verkstad. Fraktdamparen «Terneskjær» vart bygd vinteren 1917/1918, men først sett i drift i mars 1919. «Terneskjær» var eit moderne skip med tre store lasteluker, tre vinsjar, dampankerspel og dampstyreapparat. Sjølve sjøsettinga av skipet vart svært dramatisk. Ein av kjettingane rauk under sjøsettinga og traff to verftarbeidarar. Ein av dei døydde av skadane. Skipet gjekk i åra som følgde i frakt mellom Frankrike, Spania og England, men fekk ikkje noko langt liv. Skipet forliste utanfor Island i november 1924.

Siste halvdel av 1920-åra var ei vanskeleg tid for verkstadsindustrien. Problema vart ytterlegare forsterka av stagnasjonen i verdsøkonomien som følgje av Børskrakket i 1929. Mange skip vart liggjande i opplag ved verkstaden i Langesund, og føretaket konsentrerte no verksemda om reparasjonar, tilsyn og vedlikehald av skipa i opplag. På den måten vart ikkje føretaket liggjande nede. Dei vanskelege åra heldt fram ved innleiinga til 1930-talet. Likevel vart DS «Torridal» på 2 200 tonn bygd og sjøsett i 1930, det hittil største nybygget ved verftet i Langesund.

Oppgangstid[endre | endre wikiteksten]
Tilsette ved verkstaden 1942. Foto: Telemark Museum
"Lake"-skipa Kollbryn. Levert 1951. Foto: Telemark Museum
Motorskipet «Bahia» ved slippen. Foto: Telemark Museum

I slutten av februar 1934 vart fraktdamperen DS «Havmøy» sjøsett frå Smietonga i Langesund. Fartøyet vart kanskje det viktigaste oppdraget i historia til verkstaden sidan skipet var eit første av fleire som skulle gje verkstaden ry. Det 2 500 tonn store «Havmøy» var på alle måtar eit imponerande skip. Skipet anløpte fleire hamner i Europa for lossing av trelast før ferda gjekk over Atlanteren og inn på dei store nordamerikanske innsjøane og til ferskvassfart. Før «Havmøy» forlét Langesund hadde verkstaden fått eit nytt byggeoppdrag; DS «Vigør» som var av same type som «Havmøy», men noko større. Deretter følgde ein periode (1937–1943) der verkstaden utan avbrot dreiv med nybygg. At bygginga heldt fram inn i krigsåra kom av at oppdraga var motteke før landet vart okkupert. I 1938 var arbeidsstyrken ved verftet kome opp i 250 mann, og dei to siste åra før verdskrigen vert omtalt som ein stordomstid for verkstaden. Planar vart lagd for verkstadsutvidingar, som bygging av ein stor tørrdokk i Konghamn. Verkstaden fekk i 1938, som ein del av Nygaardsvold-regjeringa sin aktive industripolitikken, løyvd ein lånegaranti på 800 000 kroner til desse utvidingane, men plana vart stoppa av krigen.

Krigsåra[endre | endre wikiteksten]

I krigsåra 1940-45 var det ikkje normal drift ved Langesund mekaniske verkstad. Okkupasjonsmakta tok over, og alle oppdrag ved verftet vart styrt av dei. Verkstaden bygde to skip i dei første krigsåra. Desse fartøya vart bygd fordi dei skulle tena den tyske krigføringa. Frå 1943 vart det mangel på stål, og hovudoppgåva til føretaket for tyskarane under resten av krigen var å levera lekterar i betong. Arbeidet med lekterane gjekk treigt. Det skulda dels materialmangel, og dels at heimefronten gav ordre om å trenera arbeidet så mykje som mogleg.

Etterkrigsåra[endre | endre wikiteksten]

I 1948 kunne verkstaden levera sit første etterkrigsfartøy, fraktdamperen DS «Vigør». «Vigør» var ein skipstype som vart kalla for "lake"-skip, fordi det var konstruert for å kunna ta seg opp via slusene i dei store nordamerikanske innsjøane. Det var stor etterspurnad etter desse skipa i dei første etterkrigsåra. Fleire norske verkstader leverte denne skipstypen, men langesundmodellen vart særleg etterspurt. Fram til 1952 leverte verkstaden fem slike skip, alle på 2600 tonn. Det siste var DS «Hock Lee» som vart bygd i 1956. Det første motorlasteskipet som i sin heilskap vart bygd ved verkstaden var «Bahia» i 1953. Skipet var på 3865 tonn og var eit raskt fartøy. Tre andre motorskip som i sin heilskap vart bygd og innreidd i Langesund på 1950-talet var MS «Balduin», MS «Maria Teresa» og MS «Inge Toft». Sidan verkstaden i Langesund rigga, innreidde og bygde motorar til skipa sine, var det mogleg å ta fagbrev som maskinist. Verkstaden rigga og innreidd i tillegg skip frå andre verkstader. Det medførte at verkstaden sjeldan mangla oppdrag.

LMV - dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1964-67 vert omtalt som tida for ferjebygginga og markerer avslutninga på skipsbygging ved Langesund mekaniske verkstad. I desse åra vart seks store bil- og passasjerferjer sjøsett ved Smietonga. Det første var «Kraakerø». Ferja var 57 meter lang, og berekna på kystfart, med 250 passasjerar og ca. 40 bilar. Ferja vart sett i fart mellom Kragerø og Østfold. I 1966 og 1967 vart bilferjene MS «Stena Baltica» (bygg nr. 53), MS «Stena Germanica» (bygg nr. 54 og MS «Stena Britanica» bygd. «Stena Britanica» var det siste fartøyet som vart bygd på Smietonga. Ferja hadde plass til 1200 passasjerar og ca. 190 bilar fordelt på to dekk. Fartøyet heldt høg standard og hadde gode passasjertilhøve, med cafeteriasalong, barsalong og flystolar. Trass i at ferjebygginga i 1960-åra i Langesund heldt høg fagleg standard, sleit verkstaden økonomisk mot slutten av tiåret. I april 1967 overtok Bergensfirmaet Sverre Munck, og redda verkstaden frå konkurs. Namnet vart endra til Langesund Industri AS og drifta vart lagt om med bygging og montering av skipskranar som hovudsysselsetjing. Seinare vart verkstaden trekt inn i offshore-verksemd. Byggenr.51 og 52 var MS «Ølenningen» og MS «Gotlandia». Dei vart levert 1965. Dei to siste, byggenr. 54 og 55 vart ferdig utrusta ved Framnes mek. verkstad i Sandefjord.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]