Langevåg i Sula
- For tettstaden Langevåg på Bømlo, sjå Langevåg på Bømlo
Langevåg | |||
stad | |||
Langevåg, med Ålesund i bakgrunnen
Foto: Frode Inge Helland | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Sula | ||
Areal | 7,92 km² | ||
Folketal | 7 104 (2023) | ||
Folketettleik | 897 / km² | ||
Postnummer | 6030 | ||
Ferdselsårer | 657 | ||
![]() Langevåg 62°26′14″N 6°11′20″E / 62.437222222222°N 6.1888888888889°E |
Langevåg er kommunesenteret i Sula kommune, og ligg ved enden av Riksveg 657 på nordsida av øya. Langevåg er ein del av tettstaden Ålesund, som no strekkjer seg over grensa til Sula kommune. Folketalet i den delen av tettstaden som ligg i Sula kommune er om lag 7100 (2009)
Langevåg er kjent for det gode musikkmiljøet sitt og har fostra mange profesjonelle musikarar som Ragnvald Weddegjerde og musikarane i Ytre Suløens Jassensemble og The Brazz Brothers. Robert Post har vunne to spelemannsprisar.
Langevåg kyrkje vart påbegynt i 1940, men vart pga. andre verdskrigen ikkje ferdig før i 1948. Det er ei steinkyrkje, som ligg på Steinhaugen. Arkitekt var Øivin B. Grimnæs.
Frå Langevåg går det passasjerbåt til Ålesund sentrum, medan det med bil tar ca. 35 minutt å køyre til byen.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Tekstilbedrifta O.A. Devolds Sønner var mykje av basis for at Langevåg voks fram som tettstad. Den er kjend for alt frå strikkagensarar til ullunderty.
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |