Langfjorden i Alta

Koordinatar: 70°7′11.377″N 22°52′24.726″E / 70.11982694°N 22.87353500°E / 70.11982694; 22.87353500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langfjorden sett frå E6

Langfjorden (samisk Lákkovuotna) er ein fjordarm av Altafjorden i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 31 km sørvestover til Langfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Ytternes i nord og bygda Isnestoften i sør. På nordsida i den ytre delen av fjorden ligg dei to djupe vågane Ytterkoven og Innerkoven. Tvers over fjorden for Innerkoven ligg grenda Storsandnes. Rivarbukt er ei grend på nordsida av fjorden eit stykke lenger inn og enno lenger inn ligg bygda Tappeluft. Inst i fjorden ligg bygda Langfjordbotn og grenda Bognelv.

E6 går langs heile sørsida av fjorden, medan Riksveg 882 går langs nordsida ut til Tappeluft.

70°7′11.377″N 22°52′24.726″E / 70.11982694°N 22.87353500°E / 70.11982694; 22.87353500