Langfjorden i Brønnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Langfjorden er ein fjordarm og den inste delen av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 9 km sørover til Tarmaunbotnet og er forholdsvis smal, stort sett mellom 200 og 400 meter brei.

Fjorden har innløp mellom Nevernes i vest og Snasodden i aust. Grenda Oppsjøen ligg på vestsida av fjorden. Litt lenger sør ligg Storvika på vestsida og her er fjorden på sitt breiaste, om lag 850 meter. Langfjorden er eit gardsbruk på vestsida av fjorden nesten heilt inne i fjorden. Sør for denne garden ligg Tarmaunbotnet som har ein 180 meter høg fjellvegg på austsida.