Langfjorden ved Kirkenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°39′28″N 29°55′48″E Langfjorden (samisk Uhcavuotna) er ein fjordarm av Bøkfjorden og Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 18 km sørvestover til Langfjordeid i botn av fjorden. Han er stort sett berre 400-750 meter brei.

Fjorden startar på nordsida av Kirkenes og går først sørvestover til eit smalt sund kalla Straumen. Her kryssar E6 fjorden. Innfor Straumen svingar fjorden rett sørover og held fram slik det inste 12 km. Eit stykke sørover i denne delen av fjorden ligg Litlestraumen og tettstaden Bjørnevatn på austsida. Vidare sørover er det berre spreidde busetnader ved fjorden før Langfjordeid i botn.

Riksveg 885 går langs den inste delen av fjorden.